Omtale av Cochrane-oversikt
Det er usikkert om akupunktur har positive effektar på barn og unge med autisme
Forskningsomtale
|Oppdatert
Dokumentasjonen som ligg føre støttar ikkje bruk av akupunktur som behandlingsform for barn og unge med autisme. Dette viser ein systematisk oversikt som er utgjeven frå Cochrane Collaboration.
Hovedbudskap
Kva er autisme?
Autisme er ei omfattande funksjonshemming som kjenneteiknast av tre kjernesymptom. Språk- og kommunikasjonsvanskar, sosiale vanskar og ein repeterande, stereotyp åtferd. Infantil autisme og Aspergers syndrom er dei mest kjende diagnosenemningane innan autismespekteret.
Personar med autisme har ofte store utfordringar knyta til kommunikasjon og sosialt samspel, som er nøkkelferdigheiter for å kunne påverke sin eigen kvardag og livskvalitet. Nedsett evne til gjensidig sosial interaksjon og kommunikasjon kan for eksempel skuldast at desse personane kan ha mangelfull eller forsinka språkutvikling, i mindre grad forstår verbal kommunikasjon og har vanskar med å forstå korleis andre menneske tenkjer og føler. I kvardagen opplever ofte menneske med autisme at dei ikkje forstår eller blir forstått. Vidare kan personar med autisme ofte vere lite fleksible i måten dei tenkjer og oppfører seg på, ha avgrensa, gjentakande og stereotypt mønster i åtferd, interesser og aktivitetar.
Tiltak og oppfølging av personar med autisme
Tiltak vil oftast ha spesiell fokus på kommunikative ferdigheiter, åtferdsregulering og arbeid med sosiale ferdigheiter.
Akupunktur er ein metode innan komplementær og alternativ medisin der spesifikke kroppsområde blir stukke med nål med det formål å oppnå ein terapeutisk effekt. Vi kjenner ikkje til at akupunktur er mykje brukt på barn og unge med autisme i Noreg.
Føremålet med den systematiske Cochrane-oversikta var å slå fast om akupunktur som behandling for barn og unge med autisme er effektivt og trygt.
Kva seier forskinga?
Den systematiske oversikta oppsummerar funn frå primærstudiar som har undersøkt effekten av akupunktur hos barn og unge med autisme samanlikna med kontrolltiltak. Studiane viste at:
- Nåleakupunktur samanlikna med narreakupunktur eller samanlikna med ingen akupunktur har truleg liten eller ingen verknad på autistiske kjernesymptom hos barn og unge med lidingar innan autismespekteret.
Utfall |
(Kontroll) |
(Tiltaket) |
Kvalitet på dokumentasjonen |
Nåleakupunktur og standardbehandling samanlikna med narreakupunktur og standardbehandling for barn og unge med autisme |
|||
Forbetring i autistiske kjernesymptom (RFRLRS, total poengsum) |
|
Gjennomsnittleg skilnad var |
Lav |
Nåleakupunktur og standardbehandling samanlikna med ingen nålakupuntur og standardbehandling for barn og unge med autisme |
|||
Forbetring i autistiske kjernesymptom (RFRLRS, total poengsum) |
|
Gjennomsnittleg skilnad var |
Lav |
Forbetring i autistiske kjernesymptoma (ATEC, total poengsum) |
|
Gjennomsnittleg skilnad var |
Lav |
*Tala i parentes viser spennvidda for effektane av tiltaka . Det er 95 % sannsynleg at effekten ligg ein stad innan denne spennvidda. ATEC: Autism Treatment Evaluation Checklist (poengskala: 0-180), RFRLRS: Ritvo-Freeman Real Life Rating Scale (poengskala: 0-141) |
Avgrensingar ved dokumentasjonen
Når vi vurderer kvaliteten på dokumentasjonen frå ein systematisk oversikt, ser vi mellom anna på følgjande forhold:
- Kva slags type studiar som er tatt med i oversikta
- Korleis studiane er planlagde og gjennomførde
- Om resultata frå dei ulike studiane peikar i same retning
- Om deltakarane, tiltaket som vert prøvd ut og dei effektane ein måler er i samsvar med spørsmålet oversikta skal svare på.
- Om studiane har tilstrekkeleg med data
- Om det kan ligge føre ulikskap i publikasjonsmaterialet.
Vi vurderer kvaliteten på dokumentasjonen for kvart utfall. Dokumentasjonen kan være av høg, middels, låg eller svært låg kvalitet. Dess høgare kvalitet, dess sikrare kan vi vere på at effekten av eit tiltak er målt presist . Forskarar i Kunnskapssenteret har vurdert dokumentasjonen frå denne systematiske oversikta til å vere av middels/låg kvalitet. Les meir om vurderingane vi har gjort i
Summary of Findings table (se vedlegg i venstre menyrad).
Meir om den systematiske oversikta
Forskarar i Cochrane-samarbeidet gjorde systematiske søk i aktuelle forskingsdatabasar, og fann 10 primærstudiar med til saman 390 barn og unge med autisme som dei inkluderte i oversikta. Seks primærstudiar vart utført i Hong Kong (fem på same institutt med same forfattar), tre i ulike byer i Kina og éin primærstudie vart utført i Egypt. Medforfattar på oversikta er hovudforfattar på fem av dei inkluderte primærstudiane. Diagnose var basert på ulike sett av diagnosekriteria/definisjonar (DSM-IV, ADI-R, CARS, ADOS, ICD-10). Måleverktøya som vart brukte for å måle forandring i kjernesymptoma er RFRLRS og ATEC.
Vi har ikkje vurdert kvaliteten for sekundære utfall eller utfall basert på kunn éi primærstudie, og har derfor ikkje kvalitetsvurdert utfall relatert til kognitive ferdigheiter.
- Les heile oversikta i Cochrane Library: http://onlinelibrary.wiley.com/doi/10.1002/14651858.CD007849.pub2/abstract
Dokumentasjonen som ligg føre støttar ikkje bruk av akupunktur som behandlingsform for barn og unge med autisme. Dette viser ein systematisk oversikt som nyleg er utgjeven frå Cochrane Collaboration.