Illustrasjon for abortregisteret med bilde av livmor, søyler og graflinje samt en person som registrerer på pc.

Informasjon om registrering i Abortregisteret

Artikkel

|

Sist endret

I Noreg sender sjukehus og andre som utfører svangerskapsavbrot melding om desse til Abortregisteret ved Folkehelseinstituttet.

Kva for opplysningar blir registrerte?

Abortregisteret inneheld administrative og medisinske opplysningar om kvinna og svangerskapet, og om inngrepet. Registeret er ikkje direkte personidentifiserbart; verken namnet, adressa eller fødselsnummeret til kvinna blir registrert.

Kva blir opplysningane brukte til?

Formålet med Abortregisteret er hovudsakleg å gi grunnlag for statistikk om praktisering av abortlova, bidra til å evaluere tiltak mot uønska svangerskap og svangerskapsavbrot, samt bidra til god ressursbruk og kvalitet i behandlinga av kvinners reproduktive helse. Vidare kan data i registeret brukast til styring, planlegging og kvalitetssikring av helse- og omsorgstenestene og til forsking.

Personvern og informasjonstryggleik

Databehandlinga i Abortregisteret skjer i tråd med reglane i personopplysningslova og helseregisterlova, og i Abortregisterforskrifta. Alle opplysningane i registeret blir behandla strengt konfidensielt. Berre autorisert personell som treng det i arbeidet med registeret, har tilgang til opplysningane.

Publisert | Sist endret