Avdeling
Strategi og portefølje
Avdeling strategi og portefølje har kompetanse og oppgåver knytt til rådgiving og koordinering på e-helsefeltet, strategiarbeid, prosjektleiing, porteføljestyring, produktoppfølging og verksemdarkitektur.
Avdelinga arbeider mellom anna med:
- Utarbeiding og oppfølging av instituttet sine strategiar innan digitalisering
- Prosjektleiing av digitaliseringsprosjekt i instituttet
- Produkteigarskap for digitale løysingar som FHI statistikk, koronasertifikat, beredskapsregisteret Beredt C19, kodeverksløysing m.fl,
- Sentrale oppgåver knytt til porteføljestyring for FHI sine digitale produkt og prosjekt
- Oppgåver knytt til verksemdarkitektur, både internt i instituttet, på nasjonale arenaer og inn mot EU/ WHO
- Oppgåver knytt til eksternt finansierte prosjekt innan digitalisering, mellom anna EU 4 Health m.fl
Avdelinga skal bidra til at FHI får avklart, koordinert og fremt synspunkt og behov innan ehelseområdet. Det heng naturlig saman med ansvaret avdelinga har for å utarbeide og følgje opp instituttets strategiar på digitaliseringsområdet. Porteføljestyring er eit viktig verkemedel her. Avdelinga skal ha kompetanse og vere pådrivar for FHI sitt arbeid innan verksemdarkitektur, gevinstrealisering og digitalisering.