Hopp til hovedinnhold
FHI logo

Avdeling

Avdeling for livmorhalskreftscreening, Kreftregisteret

Avdeling for livmorhalskreftscreening driftar livmorhalsprogrammet. Målet er redusera talet på tilfelle, og dødelegheita av livmorhalskreft og gi råd og informasjon til styresmakter og befolkninga om tiltak som kan førebyggja utvikling av livmorhalskreft.

Kontakt

Sentralbord:: 224 51 300

Avdelingsdirektør

Ameli Ellen Claesdotter Tropé

Mob: 229 28 723

Besøksadresse

Ullernchausseen 64, 0379 Oslo

Postadresse

Postboks 5313 Majorstuen, 0304 Oslo

Norske helsestyresmakter tilrår at alle kvinner mellom 25-69 år tek ei livmorhalsprøve kvart 5. år. Livmorhalsprogrammet sender ut påminning til kvinner i denne aldersgruppa når det er på tide å ta ny prøve eller når dei ikkje har fått oppfølging som tilrådd. Avdelinga driftar også HPV-heimetest, eit prosjekt der ein har som mål at heimetest skal kunna føra til at endå fleire tek screeningsprøver.

Avdeling for livmorhalskreftscreening speler ei sentral rolle i organisering, implementering og evaluering av nasjonale screeningstiltak for livmorhalskreft i Noreg. Avdelinga jobbar også aktivt med å overvaka, analysera og rapportera data for å evaluera programeffektivitet, overvaka førekomsten av livmorhalskreft, og bidreg til utviklinga av retningslinjer for screening og førebygging av livmorhalskreft. Livmorhalsprogrammet er også involvert i fleire forskingsprosjekt relaterte til livmorhalskreft, og samarbeider med det medisinske fagmiljøet, både nasjonalt og internasjonalt.

Medarbeidere

Ameli Ellen Claesdotter Tropé

Ameli Ellen Claesdotter Tropé

avdelingsdirektør

Birgit Øvstebø Engesæter

Birgit Øvstebø Engesæter

seniorrådgiver, PhD

Eilen Aalerud

Eilen Aalerud

rådgiver, MSc

Elin Englund Ørum

Elin Englund Ørum

prosjektleder, Ms

Kathrine Jørgensen Vinknes

Kathrine Jørgensen Vinknes

seniorrådgiver, PhD

Kjersti Marie Lyche

Kjersti Marie Lyche

seniorrådgiver, MSc Celle og molekylærbiologi

Sara Kristine Kildal Hverven

Sara Kristine Kildal Hverven

seniorrådgiver, Ms

Tone Bjørge

Tone Bjørge

forsker