Avdeling
Område for smittevern - ledelse og stab
Områdestaben samarbeider tett med områdedirektør og leiinga i området, og medverkar til utvikling og drift av området gjennom planprosessar, økonomistyring og forbetring – i samarbeid med sentraladministrasjonen i instituttet, Instituttstab.
Områdestaben har eit bredt arbeids- og ansvarsområde, blant anna innan:
- Økonomi
- Innkjøp og anskaffing
- Forskingsadministrativ støtte
- Kvalitet
- Dokumentforvaltning
- Plan og styring
- HR
- Internkommunikasjon
- Krise- og beredskapsarbeid
Økonomi
Staben sørgjer for oppfølging av økonomien for området og koronavaksinasjonsprogrammet med blant anna utarbeiding av budsjettforslag og økonomiske prognosar, budsjettering og rapportering.
Innkjøp og anskaffing
Innkjøpskoordinatorar gir råd og støtte til avdelingane i området gjennom dei ulike fasane i anskaffingsprosessen, som planlegging, gjennomføring og kontraktsoppfølging.
Forskingsadministrativ støtte (FAS)
Området sine eksternt finansierte prosjekt følgast opp, og FAS-kontaktane bidreg med blant anna budsjettering, oppfølging og økonomistyring i områdets prosjektportefølje. Prosjektleiarane får støtte til økonomioppfølging og rapportering.
Kvalitetssikring
Kvalitetssystema oppdaterast etter gjeldande regelverk, og det blir lagt til rette for besøk frå Norsk Akkreditering og Direktoratet for medisinske produkter (DMP). I tillegg blir interne revisjonar og inspeksjonar utført 20 til 30 gongar i året.
Plan og styring
Staben har tett samarbeid med Virksomheitsstyring, og er eit bindeledd mellom Virksomheitsstyring og avdelingane i området. Staben legg til rette for gjennomføring og oppfølging av ulike aktivitetar i årshjulet, blant anna oppdatering av styringsdokument, oppfølging av tiltak og rapportering på risikoanalysar.
Medarbeidere
Ida Cathrine Bjørnebye
seniorrådgiver, MSc. International Business, Bachelor i sykepleie
Ragnhild Hoel Gustum
fung. avdelingsdirektør, Master of Science in Leadership and Organisational Psychology