Avdeling

Helsefremmende arbeid

Avdelinga jobbar med forsking på helsefremjande arbeid med eit spesielt fokus på psykisk helse og samfunnsdeltaking. Vi har ansvar for fleire store datainnsamlingar ved FHI, og jobbar med evaluering av tiltak retta mot å førebyggja sjukdom eller fremje helse.

Helsefremjande arbeid inneber å setja menneske i stand til å auka kontrollen over og forbetra eiga helse og trivsel. Dette kan skje gjennom å påverka individuell åtferd så vel som gjennom eit breitt spekter av sosiale og miljømessige intervensjonar. Helse og trivsel er djupt forankra i korleis menneske interagerer med og bidreg til samfunnet rundt seg. Eit spesielt fokusområde for avdelinga er derfor omgrepet samfunnsdeltaking.

Arbeidet avdelinga gjer bidreg til å gje kunnskap om korleis sosiale arena som lokalsamfunn, skule og arbeidsliv heng saman med helse. Det helsefremjande perspektivet, kunnskap om helseåtferd og risikofaktorar og dessutan kunnskap om og gjennomføring av evaluering av tiltak retta mot å fremja helse i befolkninga er sentrale kompetanseområde for avdelinga.

Avdelinga jobbar med folkehelseundersøkingane i fylka (FHUS), Studentane si helse og trivselsundersøking (SHoT), og den Nasjonale folkehelseundersøkinga (NHUS). Vi har forskingsprosjekt innan eit breitt spekter av tema: fødselsomsorg i Noreg, vald og overgrep mot barn og unge, sosiale medium som ein sosial arena, psykisk helse og trivsel, påverknad av helseåtferd, og vi evaluerer lågterskel behandlingstilbod for lettare psykiske plager og søvnvanskar. I tillegg har avdelinga eit spesielt ansvar for å utvikla forsking på temaet arbeid og helsa ved folkehelseinstituttet.

Avdelinga har ei sterk kvantitativ orientering og jobbar særleg med survey-metoden, epidemiologi (inkl. registerstudiar), randomiserte kontrollert studiar og andre studiedesign for å evaluera effekt. Vi har jamvel sterk kompetanse innan prosessevaluering og kvalitative undersøkingsmetodar. Brukarmedverknad står sentralt i prosjekta i avdelinga og vi er opptekne av å sikra at forskinga vår reflekterer perspektiva, behova og erfaringane til sluttbrukarane.

Sentrale samarbeidspartnarar for avdelinga inkluderer lokale og regionale styresmakter, studentsamskipnadane, sjukehus, arbeidslivet, og ideelle organisasjonar.

 

Medarbeidere

Sebastian Brun Bjørkheim
Sebastian Brun Bjørkheim
rådgiver
Kontaktinformasjon
Marit Burkeland-Lie
Marit Burkeland-Lie
stipendiat
Kontaktinformasjon
Bilde av Marit Burkeland-Lie
Turi Reiten Finserås
Turi Reiten Finserås
forsker, Cand.psychol., Ph.D.
Kontaktinformasjon
Bilde av Turi Reiten Finserås
Gunnhild Johnsen Hjetland
Gunnhild Johnsen Hjetland
forsker, Cand. psychol
Kontaktinformasjon
Bilde av Gunnhild Johnsen Hjetland
Kaia Kjørstad
Kaia Kjørstad
postdoktor
Kontaktinformasjon
Bilde av Kaia Kjørstad
Kari Klungsøyr
Kari Klungsøyr
overlege, Dr.med.
Kontaktinformasjon
Bilde av Kari Klungsøyr
Marit Knapstad
Marit Knapstad
forsker, PhD (Research Professor, PhD)
Kontaktinformasjon
Bilde av Marit Knapstad
Bjarte Birkeland Kysnes
Bjarte Birkeland Kysnes
rådgiver
Kontaktinformasjon
Truc Trung Nguyen
Truc Trung Nguyen
overingeniør, Ingeniør
Kontaktinformasjon
Sofie Øvstebø Næss
Sofie Øvstebø Næss
stipendiat
Kontaktinformasjon
Ingunn Agnete Riise
Ingunn Agnete Riise
seniorrådgiver
Kontaktinformasjon
Børge Sivertsen
Børge Sivertsen
forsker, PhD
Kontaktinformasjon
Bilde av Børge Sivertsen
Jens Christoffer Skogen
Jens Christoffer Skogen
forsker, Ph.D
Kontaktinformasjon
Bilde av Jens Christoffer Skogen
Robert Smith
Robert Smith
fung. avdelingsdirektør, ph.d.
Kontaktinformasjon
Bilde av Robert Smith
Erlend Sunde
Erlend Sunde
forsker, ph.d.
Kontaktinformasjon
Bilde av Erlend Sunde
Øystein Vedaa
Øystein Vedaa
seniorrådgiver, Cand.psychol / ph.d.
Kontaktinformasjon
Bilde av Øystein Vedaa
Skjalg Eirik Holmefjord Vervik
Skjalg Eirik Holmefjord Vervik
stipendiat
Kontaktinformasjon
Vivian Woodfin
Vivian Woodfin
postdoktor
Kontaktinformasjon
Leif Edvard Aarø
Leif Edvard Aarø
fagdirektør, Ph.D
Kontaktinformasjon
Bilde av Leif Edvard Aarø