Avdeling

Helsedatamottak

Avdeling for helsedatamottak (HDMO) er ein del av klyngje for helseundersøkingar i Området for helsedata og digitalisering (HD).

Fagområdet til avdelinga er datainnsamling til helseundersøkingar og delundersøkingar/prosjektsamarbeid i regi av FHI, handtering av deltakarhenvendingar og forvaltning av deltakarrettar. Det faglege arbeidet blir støtta av samarbeid med medarbeidar i klyngja, forskarar, prosjektleiarar, juristar, IT og statistikarar.  

Avdelinga jobbar målretta for å sikra gode brukarreiser, og engasjerte og trygge deltakarar. Dette arbeidet er avgjerande for å oppnå ein høg svarprosent, som igjen gjev befolkninga verdifulle helsedata. 

Avdelinga gjennomfører datainnsamling til desse helseundersøkingane: Den norske mor, far og barn-undersøkinga (MoBa), Den nasjonale folkehelseundersøkinga (NHUS),  Fylkesundersøkelsene (FHUS), Cohort of Norway (CONOR), Landsomfattande helseundersøkingar (LHU) og Nasjonalt Tvillingregister (NTR). 

Avdelinga er registereigar for Register for biologisk forskingsreservasjon kor landets innbyggarar kan reservera seg mot forsking på biologisk materiale utan samtykke.   

Oppgåver for avdelinga er: 

  • Utvikle digitale informasjons- og samtykkeskriv og spørjeskjema  
  • Byggje spørjeskjema i nettbasert skjemaløysing  
  • Utarbeide nettartiklar og anna tilhøyrande informasjonsmateriell etter behovet til 
  • innsamlinga  
  • Utarbeide og sende ut invitasjonar på e-post eller SMS  
  • Behandle deltakarhenvendingar 
  • Behandle deltakarrettar (førespurnader om innsyn, utmelding, retting og sletting)  
  • Ta hand om informasjonsplikt overfor deltakar 
  • Medverke i arbeidet med å vidareutvikle og modernisere datainnsamling med digitale og arbeidseffektive løysingar  
  • Ajourholde Register for biologisk forskingsreservasjon og gjennomføra utlevering ved førespurnad 

Medarbeidere

Helene Vestre Alcott
Helene Vestre Alcott
seniorrådgiver, Master i sosiologi
Kontaktinformasjon
Christine Maria Bergflødt
Christine Maria Bergflødt
seniorrådgiver
Kontaktinformasjon
Belinda Gloppen Helle
Belinda Gloppen Helle
fung.avdelingsdirektør
Kontaktinformasjon
Merete Kallekleiv
Merete Kallekleiv
seniorrådgiver, Master i kunnskapsbasert praksis
Kontaktinformasjon
Bilde av Merete Kallekleiv
Karin Mathilde Opheim
Karin Mathilde Opheim
seniorrådgiver
Kontaktinformasjon
Bilde av Karin Mathilde Opheim
Irini Tangen
Irini Tangen
rådgiver, Master i rettsvitenskap
Kontaktinformasjon
Bilde av Irini Tangen
Hildur Thorarensen
Hildur Thorarensen
seniorrådgiver, Master i sosialantropologi
Kontaktinformasjon
Kristian Kolrud Vangen
Kristian Kolrud Vangen
seniorrådgiver, Master i sammenliknende politikk
Kontaktinformasjon
Bilde av Kristian Kolrud Vangen