Avdeling
Helsedatamottak
Avdeling for helsedatamottak (HDMO) er ein del av klyngje for helseundersøkingar i Området for helsedata og digitalisering (HD).
Kontakt
Sentralbord:: 210 77 000
Send e-post {model.translations.sendEmailTo} datainnsamling@fhi.no
Avdelingsdirektør
Mob: 452 26 468
Besøksadresse
Zander Kaaes gate 7, 5015 Bergen
Postadresse
Folkehelseinstituttet, Postboks 973 Sentrum, 5808 Bergen
Fagområdet til avdelinga er datainnsamling til helseundersøkingar og delundersøkingar/prosjektsamarbeid i regi av FHI, handtering av deltakarhenvendingar og forvaltning av deltakarrettar. Det faglege arbeidet blir støtta av samarbeid med medarbeidar i klyngja, forskarar, prosjektleiarar, juristar, IT og statistikarar.
Avdelinga jobbar målretta for å sikra gode brukarreiser, og engasjerte og trygge deltakarar. Dette arbeidet er avgjerande for å oppnå ein høg svarprosent, som igjen gjev befolkninga verdifulle helsedata.
Avdelinga gjennomfører datainnsamling til desse helseundersøkingane: Den norske mor, far og barn-undersøkinga (MoBa), Den nasjonale folkehelseundersøkinga (NHUS), Fylkesundersøkelsene (FHUS), Cohort of Norway (CONOR), Landsomfattande helseundersøkingar (LHU) og Nasjonalt Tvillingregister (NTR).
Avdelinga er registereigar for Register for biologisk forskingsreservasjon kor landets innbyggarar kan reservera seg mot forsking på biologisk materiale utan samtykke.
Oppgåver for avdelinga er:
- Utvikle digitale informasjons- og samtykkeskriv og spørjeskjema
- Byggje spørjeskjema i nettbasert skjemaløysing
- Utarbeide nettartiklar og anna tilhøyrande informasjonsmateriell etter behovet til
- innsamlinga
- Utarbeide og sende ut invitasjonar på e-post eller SMS
- Behandle deltakarhenvendingar
- Behandle deltakarrettar (førespurnader om innsyn, utmelding, retting og sletting)
- Ta hand om informasjonsplikt overfor deltakar
- Medverke i arbeidet med å vidareutvikle og modernisere datainnsamling med digitale og arbeidseffektive løysingar
- Ajourholde Register for biologisk forskingsreservasjon og gjennomføra utlevering ved førespurnad