Avdeling
Forskningsadministrativ støtte
Avdeling for forskingsadministrativ støtte skal støtte FHIs satsing på å auka tildelingar frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder, og bidra til forsvarleg prosjektgjennomføring, god økonomistyring og effektiv administrativ styring av forskingsprosprosjekt.
Avdeling for forskingsadministrativ støtte (FAS) er organisatorisk plassert i område for psykisk og fysisk helse. Områdedirektør i psykisk og fysisk helse har tverrgåande koordineringsansvar for forsking på FHI, så rolla til avdelinga er områdeovergripande.
I avdelinga er det oppretta ein seksjon for prosjektkoordinering, med prosjektkoordinatorar som jobbar på oppdrag i ulike forskingsprosjekt på heile instituttet. I tillegg består avdelinga av tilsette med spisskompetanse innanfor fagfelt som prosjektøkonomi, søknadsutforming, finansieringsprogram og løyve innan forsking. Det er oppretta eit lag for forskingsinfrastruktur internt i avdelinga. Laget har ansvar for arbeidet til avdelinga knytt til GDPR, personvern og oversikt over forskingsprosjekt.