Avdeling
Barn og familier
Avdeling for barn og familiar hentar inn, produserer og formidlar kunnskap om psykisk helse, trivsel og utvikling hos barn og unge, og deira foreldre. Avdelinga er særleg oppteken av leve- og oppvekstvilkåra til barn og ungdom.
I avdelinga arbeider vi for å utvikle og kvalitetssikre tiltak for å fremme positive relasjonar og utviklingsforløp hos barn, ungdom og familiar. Avdelinga samarbeider tett med avdeling for barns helse og utvikling ved FHI.
Vi er opptekne av kva oppvekstmiljø, familie, skole og eigenskapar ved barnet sjølve påvirker hvordan barn og unge har det og korleis dei utvikler seg. Vi er også opptekne av den psykiske helsa og trivselen til foreldre, til dømes korleis tilhøve rundt fødsel, oppdraging, og barns helse påverkar foreldres eige psykiske helse og livskvalitet.
Forsking
Vi har fleire forskingsprosjekt om tema som:
- Familien, og korleis den psykiske og fysiske helsa til foreldre, oppseding og konfliktar i familien, spelar inn på korleis barn og unge utviklar seg
- Korleis det går og har gått med familiar og barn gjennom og etter Covid-19 pandemien
- Barn og familiar med migrasjonserfaringar, identitetsutvikling hjå minoritetsungdom og psykisk helse hos unge alenekommende flyktningar
- Barn med nedsett funksjonsevne
- Barn som er utenlandsadopterte og deira familiar
- Fungeringa til barn og familiar etter samlivsbrot, samt om barns medverknad i familien og i samfunnet
- Korleis ulike sider ved det å være foreldre påverkar foreldras eiga helse og levekår, med et spesielt fokus på korleis foreldra blir påverka av å ha et barn med store omsorgsbehov
- Universelle og førstelinjetiltak som tiltak for foreldrerettleiing
Formidling
Forskinga ved avdelinga blir formidla gjennom vitskaplege artiklar i nasjonale og internasjonale tidsskrift, gjennom populærvitskaplege artiklar på nettsidene til Folkehelseinstituttet, i media og gjennom kontakt med oppdragsgivarar og tenester. Vi har òg publisert rapportar om ulike tema på oppdrag frå departement og direktorat.
Avdelinga bidrar med faglege innspill til oppvekstprofilane for kommunar og bydelar. Profilane inneheld ulike oppvekstbarometer med nøkkeltal om befolkning, levekår, barnehage og skule, fritid og nærmiljø og helsetilstand for alle kommunar og bydelar.
Avdelinga bidrar inn i et tverretatleg samarbeid, kor målet er betre samhandling og koordinering mellom sektorane når det gjeld utvikling av tenester og implementering av innsatsar for utsette barn og unge.