Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Barns helse og utvikling»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Barns helse og utvikling

Avdeling

Barns helse og utvikling

Avdeling for barns helse og utvikling innhentar og formidlar kunnskap om utviklinga innan psykisk helse og livskvalitet hos barn og unge over tid, det vil seie frå barndomen til tidleg vaksenliv.


Innanfor psykisk helse er vi mellom anna opptekne av utvikling og omfang av symptom innanfor dei vanlegaste psykiske lidingane (angst, depresjon, åtferdsproblem, spiseforstyrringar). Psykisk helse handlar òg om forhold knytte til positiv psykisk helse, livskvalitet og meistring. Av andre tema arbeider vi med utviklinga av personlegdom, språk, alkoholbruk, søvn samt overvekt og slankeåtferd.

Forskinga ved avdelinga har eit utviklings- og livsløpsperspektiv med fokus på korleis unge og omgivnadene deira gjensidig påverkar kvarandre over tid. Vi forskar derfor på kva miljøet der barn og unge veks opp og ferdast, har å seie. Familien er den viktigaste oppvekstarenaen i dei tidlege barneåra, og forhold som den psykiske og fysiske helsa til foreldre, men òg samspel, oppseding og konfliktar i familien, har mykje å seie. Vi forskar òg på forhold knytte til barnehage, skule og venegrupper. Familiar med migrasjonserfaringar og etnisk mangfald i befolkninga er òg blant temaa vi forskar på. Fleire av forskingsprosjekta i avdelinga ser òg på genetikk samt forhold under svangerskap og fødsel og kva det har å seie.

Forsking

Avdelinga har per i dag ei rekkje forskingsprosjekt der ein studerer ulike risiko- og vernefaktorar for psykisk helse hos barn og unge samt korleis den psykiske helsa deira er og utviklar seg over tid. Vi har studiar av personlegdom, livskvalitet og trivsel, depressivitet og otte, språkutvikling, overvekt og spiseproblem, søvnvanskar og medisinbruk samt åtferdsproblem og rusbruk.

Avdelinga fokuserer særleg på miljøvilkår som påverkar utviklinga til barn og unge. Vi undersøkjer miljøvilkåra til barnet i fosterlivet, kva den psykiske helsa og medisinbruken til foreldra har å seie, familiesamspel og familiekonfliktar, læringsmiljø i barnehage og skule, sosial støtte og venskap, mobbing og utanforskap samt kva det har å seie å ha erfaringar som flyktning og å vekse opp i det fleirkulturelle samfunnet.

Forskinga og helseanalysen ved avdelinga er basert på dei store datamateriala til Folkehelseinstituttet (epidemiologiske kohortundersøkingar og helseregister) og på mindre og meir målretta undersøkingar av spesifikke grupper eller avgrensa problemstillingar. Forskarane har særleg kompetanse på komplekse statistiske metodar som longitudinelle analysar, strukturelle likningsmodellar og familiedesign.

Helseanalyser og rådgiving

Avdelinga har ansvar for å følgje med på helse og trivsel i barndom og oppvekst samt har eit koordinerande ansvar for forsking og helseanalyse knytt til livskvalitet og positiv psykologi. Avdelinga har ansvar for å skaffe kunnskap om førekomsten av psykiske plager og lidingar blant barn og unge, og om risikofaktorar og vernefaktorar knytte til psykisk og fysisk helse samt trivsel gjennom oppveksten.

Kommunikasjon

Forskinga og helseanalysen ved avdelinga blir formidla gjennom vitskaplege artiklar i nasjonale og internasjonale tidsskrift, gjennom populærvitskaplege artiklar på nettsidene til Folkehelseinstituttet og i media. Vi publiserer òg rapportar om ulike tema på oppdrag frå departement og direktorat.

Om avdelinga

Avdeling for barns utvikling har i skrivande stund 22 tilsette. Av desse er 11 forskarar i anten faste eller mellombelse stillingar, fem er postdoktorstipendiatar og tre er doktorgradsstipendiatar. Avdelinga har ein avdelingskoordinator, ein prosjektkoordinator og ein forskingsassistent.

Kontakt

Sentralbord: 21 07 70 00

Avdelingsdirektør

Heidi Aase

Fasttelefon:

Besøksadresse

Marcus Thranes gate 6

0473 Oslo

Vis i kart

Postadresse

Folkehelseinstituttet, Postboks 222 Skøyen

0213 Oslo

Vis i kart

Medarbeidere

Bilde av Heidi Aase

Heidi Aase

Avdelingsdirektør, Dr. Psychol.

Tlf:

M: 975 38 324

Bilde av Adriano Winterton

Adriano Winterton

Postdoktor, Dr. philos (PhD)

M: 908 03 348

Ansatt bilde

Gro Dehli Villanger

Forskar, PhD i Toksikologi

M: 916 05 784

Ansatt bilde

Guido Philipp Emmanuel Biele

Forsker I, PhD

Ansatt bilde

Hanne Stavenes Støle

Rådgiver

M: 959 42 233

Ansatt bilde

Hedvig Marie Egeland Nordeng

Ansatt bilde

Johan Manuel de Aguas Pérez

Ansatt bilde

Katharina Haag

Bilde av Lasse Bang

Lasse Bang

Senior forsker, PhD

Ansatt bilde

Nina Alexandersen

Postdoktor MoBaEarlyEd, PhD

Ansatt bilde

Ola Krogh Halvorsen

Bilde av Ragnhild Eek Brandlistuen

Ragnhild Eek Brandlistuen

Seniorforsker og Faglig leder MoBa, PhD

Tlf:

M: 970 68 217

Ansatt bilde

Tomás Fernando Varnet Pérez

Msc Statistics