Få varsel ved oppdateringer av «Akutte forgiftinger»
Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:
- Akutte forgiftinger
Akutte forgiftinger
Avdeling for akutte forgiftningar er det nasjonale rådgivings- og kompetanseorganet for akutte forgiftingar og forgiftingsfare.
Vi gir råd gjennom Giftinformasjonen
Den viktigaste oppgåva til avdelinga er å gi informasjon, råd og rettleiing om akutte forgiftingar og forgiftingsrisiko når noko har skjedd. Dette blir hovudsakleg gjort via Giftinformasjonen, som er ei døgnopen telefonteneste for allmennheita og helsetenesta. Årleg svarer vi på ca. 45 000 spørsmål, og i ca. 90 % av tilfella gjeld det akutte eksponeringar.
Mange av spørsmåla Giftinformasjonen får, dreier seg om barn som har smakt på noko, legemiddel, sopp, planter eller hushaldskjemikaliar som maskinoppvaskmiddel, handdesinfeksjonsmiddel eller måling. Ofte er ikkje det som har skjedd, farleg, så mange av telefonane endar med at foreldra kan sjå an situasjonen heime. Råda vi gir kan derfor ofte avverje unødvendig behandling på legevakt eller sjukehus.
Vi får òg mange telefonar frå personar som har teke for mykje legemiddel på grunn av sjølvskading eller rus. Ei sentral oppgåve er derfor å hjelpe til med å gi råd i slike tilfelle og vurdere om det er behov for å kontakte lege eller sjukehus. Slik kan Giftinformasjonen bidra til rask og rett behandling på rett nivå, og dermed forhindre skade og redde liv.
Førebyggjande arbeid
Vi hjelper òg til med å gi god og kvalitetssikra informasjon, fakta og råd om forgiftingar generelt. Vi svarer først og fremst på generelle spørsmål om forgiftingar og forgiftingsfare mellom 09.00 og 15.00 på kvardagar. Meir kunnskap hos folket er eit mål i det førebyggjande arbeidet vårt. Vi driv òg med noko forsking for å auke kunnskapen om forgiftingar.
Korleis arbeider vi?
Når nokon ringjer eller kontaktar oss, vurderer vi kor giftige kjemikaliar og produkt, legemiddel, planter, sopp og andre agens er. Vi gir individuelt tilpassa råd. Dette krev kompetente medarbeidarar samt oppdatert og kvalitetssikra dokumentasjon som er lett tilgjengeleg. Giftinformasjonen bruker derfor mykje tid på å lage kunnskapsoppsummeringar.
Informasjon til allmennheit og helsetenesta
Giftinformasjonen har utarbeidd informasjon som er tilgjengeleg på Internett. Allmennheita og media finn informasjon på
Behandlingstilrådingar for helsepersonell er publiserte på
Vi utarbeider òg manus til forgiftingskapitla i Felleskatalogen og Norsk legemiddelhåndbok.
Kven svarer deg?
Alle som svarer på spørsmål om forgiftingar, har bakgrunn som farmasøyt, veterinær, toksikolog eller lege og har gjennomgått ei lang opplæring i avdelinga før dei svarer på spørsmål. Dersom det er behov for spisskompetanse til behandling av forgiftingspasientar, har avdelinga tilknytt kliniske bakvakter som kan hjelpe behandlande lege.
Avdelinga har totalt 23 stillingar i tillegg ei overlegestilling som blir delt av dei kliniske bakvaktene.
Kontakt
Sentralbord: 22 59 13 00
Medarbeidere













Seniorrådgiver, Cand.pharm. fra universitetet i Oslo. Informasjon og informajonsledelse fra BI.



