Høringssvar - NOU 2025:8 Folkehelse- Verdiar, kunnskap og prioritering

Artikkel

|

Publisert

Folkehelseinstituttet sitt høyringssvar:

Samandrag av Folkehelseinstituttet sine innspel

  • FHI støttar intensjonen om å etablere eit system for prioritering av folkehelsetiltak som kan fungere
    nasjonalt og kommunalt. Systemet bør sikre at omsynet til folkehelse inngår prioritering av tiltak også i
    andre samfunnssektorar. 
  • FHI meiner det er viktig å sjå forslaget som ein start på ei langsiktig utvikling av system for prioritering
    av folkehelsetiltak, på same vis som prioriteringsrutinane innan helsetenestene har utvikla seg over
    fleire tiår. 
  • FHI støttar at ein etablerer overordna kriterium for prioritering av folkehelsetiltak, men meiner det er
    nødvendig med operasjonalisering av dei kriteria som er føreslått og relasjonen mellom dei. 
  • FHI meiner at det er viktig at ein i bruken av kriteria også har med ei vurdering av kor sikkert
    kunnskapsgrunnlaget er. 
  • FHI meiner at i samband med prioritering av vaksinar og vaksineprogram må ein inkludere eit prinsipp
  • om å vurdere alvoret ved vaksinebruk. 
  • FHI støttar ei styrka operativ støtte til kommunane i det generelle folkehelsearbeidet, inkludert støtte
    til lokalt prioriteringsarbeid. 
  • FHI støttar tilrådingane om ei styrka satsing på kunnskapsutvikling om folkehelsetiltak, inkludert
    gjennom internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid.
Publisert