Høringssvar - NOU 2025:8 Folkehelse- Verdiar, kunnskap og prioritering
Artikkel
|Publisert
Folkehelseinstituttet sitt høyringssvar:
Samandrag av Folkehelseinstituttet sine innspel
- FHI støttar intensjonen om å etablere eit system for prioritering av folkehelsetiltak som kan fungere
nasjonalt og kommunalt. Systemet bør sikre at omsynet til folkehelse inngår prioritering av tiltak også i
andre samfunnssektorar. - FHI meiner det er viktig å sjå forslaget som ein start på ei langsiktig utvikling av system for prioritering
av folkehelsetiltak, på same vis som prioriteringsrutinane innan helsetenestene har utvikla seg over
fleire tiår. - FHI støttar at ein etablerer overordna kriterium for prioritering av folkehelsetiltak, men meiner det er
nødvendig med operasjonalisering av dei kriteria som er føreslått og relasjonen mellom dei. - FHI meiner at det er viktig at ein i bruken av kriteria også har med ei vurdering av kor sikkert
kunnskapsgrunnlaget er. - FHI meiner at i samband med prioritering av vaksinar og vaksineprogram må ein inkludere eit prinsipp
om å vurdere alvoret ved vaksinebruk. - FHI støttar ei styrka operativ støtte til kommunane i det generelle folkehelsearbeidet, inkludert støtte
til lokalt prioriteringsarbeid. - FHI støttar tilrådingane om ei styrka satsing på kunnskapsutvikling om folkehelsetiltak, inkludert
gjennom internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid.
Les heile høyringssvaret - NOU 2025: 8 Folkehelse - Verdier, kunnskap og prioritering