Ungdom med god psykisk helse er meir aktive i sosiale grupper på nett
Forskningsfunn
|Publisert
Ei ny studie viser at ungdom med høgt psykisk velvære ikkje brukar mindre tid på sosiale medium, men at dei brukar det på ein annan måte. Dei deltek oftare i gruppesamtalar og sosialt orienterte aktivitetar, noko forskarane meiner kan vere eit teikn på sunn digital praksis.
Forskarane bak ei studie publisert i Youth & Society ville undersøke korleis psykisk velvære heng saman med bruken av sosiale medium. Dette gjorde dei ved å undersøke nettvanane til over 3 500 ungdomsskuleelevar i alderen 15–19 år. Studien viste at ungdom med god mental helse ikkje naudsynt brukar mindre tid på sosiale medium, men at sosiale media blir bruka på eit anna vis.
Studien kan lesast i full versjon her:
– Ungdom med god psykisk helse rapporterte oftare om ein tendens til å vere meir aktive i gruppesamtaler og ha høgare sosial orientering på sosiale media enn dei med dårlegare psykisk helse, fortel forskarane Turi Reiten Finserås og Jens Christoffer Skogen som var med på studien.
Sosial orientering handlar om å halde seg oppdatert på kva som skjer blant vener, i grupper ein er del av, eller om aktuelle og kulturelle hendingar. Studien peikar på at det ikkje nødvendigvis er bruken av sosiale medium i seg sjølv som er avgjerande, men kva slags aktivitetar ein deltek i. Å vere sosial og knytt til grupper kan vere eit teikn på sunn digital praksis, medan meir passiv scrolling ikkje naudsynt gir same effekt.
– Å vere sosial og ha kontakt med nettverk på sosiale medium kan vere eit teikn på sunn digital praksis. Dette står i motsetnad til meir passiv aktivitet som scrolling, som ofte blir trekt fram som ein mogleg risikofaktor for psykiske plager. Våre funn, saman med annan forsking som peikar i same retning, kan påverke korleis vi forstår skjermbruk og skjermtid. Samla sett tydar det på at framtidige tiltak bør leggje vekt på å fremje positive, sosiale interaksjonar på nett, seier forskarane.