Foto: Mostphotos/Vitaliy Kovalevics

To av tre elevar som har brukt cannabis rapporterer negative konsekvensar

Forskningsfunn

|

Publisert

Mange vidaregåandeelevar som har brukt cannabis, oppgir at bruken har hatt negative konsekvensar. Det viser ein studie frå FHI. Konsekvensane er helsemessige, som psykiske problem, vald og blackout. I tillegg kjem faktorar som skam, dårlegare skuleprestasjonar, likegyldigheit og relasjonsproblem til foreldre, kjærast eller venner.

– Vi meiner funna er viktige fordi dei viser at cannabisbruk for mange unge inneber ein stor risiko for uønskte konsekvensar. For at ungdom skal kunne ta kunnskapsbaserte val, er det viktig at dei kjenner til denne risikoen, seier forskar Anne Line Bretteville-Jensen.

Studien undersøkte korleis og i kva situasjonar ungdom bruker cannabis. Tidlegare forsking har vist at cannabisbruk blant unge ofte skjer saman med venner. Mindre har vore kjend om ungdom som også bruker cannabis åleine, særleg utanfor Nord-Amerika. Forskarane ønskte derfor å undersøkje kor vanleg slik bruk er blant norske vidaregåandeelevar, og korleis den eventuelt heng saman med konsekvensane dei opplever.

Ein av fire brukte cannabis åleine

Omtrent éin av fire norske elevar i vidaregåande skule som har brukt cannabis saman med andre det siste året, oppgir at dei også bruker cannabis åleine. Desse ungdommane rapporterer fleire og meir varierte negative konsekvensar enn dei som berre bruker cannabis saman med andre.

– Vi fann at ungdom som brukte cannabis både sosialt og åleine, rapporterte nesten dobbelt så mange negative konsekvensar som andre cannabisbrukarar. I gjennomsnitt rapporterte dei 5,4 negative konsekvensar, mot 2,9 blant dei som berre brukte cannabis i sosiale samanhengar, seier Bretteville-Jensen.

– Det er viktig å merke seg at dette er konsekvensar dei unge sjølv knyter til eigen cannabisbruk, ikkje konsekvensar som er registrerte i helseregister eller liknande, seier ho. 

Resultata byggjer på data frå 965 elevar i vidaregåande skule som rapporterte cannabisbruk det siste året. Nesten alle oppgav at dei brukte cannabis sosialt, medan 24,3 prosent også oppgav at dei brukte cannabis åleine.

Ungdom som brukte cannabis både sosialt og åleine rapporterte fleire problem på ei rekkje område. Samanlikna med dei som berre brukte cannabis sosialt, hadde dei om lag dobbelt så stor sjanse for å rapportere psykiske plager knytte til cannabisbruk (justert oddsratio 1,7), skuleproblem (1,8), apati eller likegyldigheit (2,1), problem i nære relasjonar (2,1) og problem med politiet (2,2),. Forskjellane heldt seg også etter at forskarane tok omsyn til mellom anna kor ofte ungdommane brukte cannabis.

Studien viste også at berre 34 prosent av deltakarane ikkje rapporterte nokon negative konsekvensar av cannabisbruk. Blant ungdom som brukte cannabis åleine i tillegg til sosial bruk, rapporterte mellom 23 og 64 prosent minst éin negativ konsekvens innan ulike problemområde. Tilsvarande andelar blant dei som berre brukte cannabis sosialt var mellom 10 og 41 prosent.

– Resultata tyder på at det å bruke cannabis åleine kan vere ein markør for særleg sårbarheit. Ved å spørje ungdom om dei bruker cannabis åleine, kan vi lettare identifisere grupper med auka risiko for problem på fleire livsområde, seier Bretteville-Jensen.    

Om studien

Studien er publisert i tidsskriftet Addictive Behaviors. Forskarane analyserte data frå to nasjonalt representative spørjeundersøkingar blant elevar i vidaregåande skule gjennomført i 2021 og 2025. Totalt deltok 965 elevar som hadde brukt cannabis det siste året. Studien er tverrsnittbasert og byggjer på anonyme spørjeskjema frå 44 vidaregåande skular i Noreg.

Referanse

Anne Line Bretteville-Jensen, Jasmina Burdzovic Andreas, Cannabis use settings matter: National-level prevalence rates, correlates, and consequences of solitary cannabis use among high school students in Norway, Addictive Behaviors, Volume 183, 2026,108820, ISSN 0306-4603,
https://doi.org/10.1016/j.addbeh.2026.108820

Publisert