Mange i Troms har god helse
Forskningsfunn
|Publisert
Folkehelseundersøkinga i Troms 2025 viser at fleirtalet av innbyggjarane vurderer eiga helse og livskvalitet som god, men at psykiske plagar, einsemd og økonomiske utfordringar rammar ein betydeleg del.
– Undersøkinga teiknar eit i hovudsak positivt bilete av helsa i Troms, samtidig som den tydeleg viser at enkelte grupper har større belastningar enn andre, seier forskar Øystein Vedaa ved Folkehelseinstituttet.
Kunnskapsgrunnlag for folkehelsearbeid
Folkehelseundersøkinga i Troms 2025 er gjennomført av Folkehelseinstituttet i samarbeid med Troms fylkeskommune. Verian gjennomførte sjølve datainnsamlinga. Formålet er å gi oppdatert kunnskap om helse, livskvalitet, levevanar og sosiale forhold blant vaksne innbyggjarar i fylket. Resultata skal brukast som kunnskapsgrunnlag for folkehelsearbeid i fylket og i kommunane.
Undersøkinga omfattar innbyggjarar i Troms som er 18 år eller eldre, og gir eit breitt bilete av korleis befolkninga har det i kvardagen.
Helse, livskvalitet og psykisk helse
To av tre innbyggjarar i Troms, 66,5 prosent, vurderer helsa si som god eller svært god. Den gjennomsnittlege livstilfredsheita ligg på 6,9 på ein skala frå 0 til 10, og 63,0 prosent oppgir at dei trivst i stor grad i nærmiljøet.
Samtidig viser undersøkinga at psykiske plagar er utbreidde i delar av befolkninga. Gjennomsnittsskåren på psykiske plager ligg i snitt på 1,60 på ein skala frå 1 til 4, og 18,2 prosent ligg over terskelverdien 2,00 for psykiske plagar. Søvnløyse blir rapporterte av 13,3 prosent, og 14,7 prosent opplever høg grad av einsemd. Samtidig oppgir halvparten, 50,2 prosent, at dei er saman med gode venner kvar veke eller oftare.
– Tala viser at mange har det bra, men også at psykiske plager og einsemd framleis er viktige folkehelseutfordringar i Troms, seier Vedaa.
Levevanar og helseåtferd
Når det gjeld levevanar, røykjer 6,5 prosent dagleg. Det er det lågaste som nokon gong er målt i folkehelseundersøkingane i fylka. Vidare har 21,3 prosent fedme (KMI 30 eller høgare). Omtrent éin av fire, 23,8 prosent, er moderat fysisk aktive minst fire dagar i veka.
Kosthaldstala viser at 31,6 prosent et frukt eller bær dagleg, og 38,4 prosent et grønsaker dagleg. Over halvparten, 53,3 prosent, et fisk to til tre gonger i veka eller oftare. Samtidig drikk 26,7 prosent sukkerhaldig brus minst to til tre gonger i veka.
Om undersøkinga
Folkehelseundersøkinga i Troms 2025 vart gjennomført våren 2025. Totalt vart 40 944 personar inviterte til å delta, og 10 686 personar svarte, noko som gir ein svarprosent på 26,1. Undersøkinga er basert på eit spørjeskjema som kartlegg helse, livskvalitet, levevanar og sosiale forhold blant vaksne i fylket.