Kreft kan førebyggjast – men det krev handling
Nyhet
|Publisert
Omtrent 40 prosent av alle krefttilfelle kunne vore unngått viss vi levde i tråd med dei nye kreftråda. Onsdag 4. februar er Verdas kreftdag.
Verdas kreftdag, som er 4. februar, minnar oss på kor mange som blir ramma av kreft. Ei av oppgåvene til Folkehelseinstituttet er å gi råd og rettleiing om førebygging av kreftsjukdomar. Den nye European Code Against Cancer (ECAC - iarc.who.int) viser at rundt 40 prosent av alle krefttilfelle kunne vore unngått viss vi følgde dei nye råda.
Hausten publiserte ECAC oppdaterte råd, og for første gong inneheld dei klare retningslinjer for strukturelle tiltak på samfunnsnivå.
Det viktigaste er å unngå tobakk
– Det mest effektive enkelttiltaket for å førebygge kreft, er å ikkje bruke tobakk. Og har du først ebgynt, er det aldri for seint å slutte, seier Giske Ursin, områdedirektør for Kreftregisteret i FHI.
Råda understrekar strengare reglar, høgare avgifter, færre utsalsstader og betre hjelp til å slutte. Dette vil redde mange liv og spare samfunnet for store kostnader.
Kosthald og vekt – Små grep monnar
Dei nye råda anbefaler at vi:
- et mindre matvarer med mykje kaloriar, feitt, prosessert kjøt, sukker og salt
- vel vatn framfor sukkerhaldig drikke
- et meir frukt, grønsaker, fullkorn og belgvekstar
Alt dette bidreg til å redusere risikoen for både kreft og andre sjukdomar.
Råda peikar på at sunne matvarer må bli billegare og lettare tilgjengeleg, slik at vi kan velje desse. Avgifter på sukkerhaldige og kaloririke matvarer fungerer.
– I 2025 blei det innført reklameforbod for usunn mat og drikke retta mot born og unge. Det kan vi vere stolte av, seier områdedirektør Giske Ursin i Kreftregisteret ved FHI.
Ver fysisk aktiv kvar dag!
Kvardagsaktivitet handlar ofte om tilrettelegging.
– Råda anbefalertiltak retta mot arbeidsplassen, skule, sårbare grupper og omgjevnader, som skal auke aktivitetsnivået i befolkninga. Slike tiltak gjer det enklare for alle å vere fysisk aktive, seier Giske Ursin i Kreftregisteret ved FHI.
Alkohol – Mindre er betre og ingen er best
Dei europeiske kreftråda er tydelegare enn før. Det tryggaste er å la vere å drikke alkohol, for det finst inga “trygg nedre grense”.
Norsk alkoholpolitikk har alt teke i bruk verkemiddel som pris, avgifter, alders- og utsalsavgrensingar, og forbod mot marknadsføring for å redusere forbruk.
I tillegg anbefaler råda å opplyse om helsefaren gjennom merking.
Miljø og arbeidsplass – Her treng vi fellesløysingar
Luftforureining, radon i heimen og kreftframkallande stoff på arbeidsplassen påverkar kreftrisikoen vår. Dette kan vi ikkje styre sjølve.
Råda tilrår at vi får kontroll over radonnivå og stiller strengare krav til arbeidsmiljøet for å verne folk. Samtidig kan vi som enkeltpersonar bidra ved å velje miljøvenleg kollektivtransport, og gå eller sykle når det er mogleg.
Vaksinar – Ein unik sjanse vi ikkje må gå glipp av
Nokre krefttypar kan førebyggast med vaksinar og behandling av infeksjonar.
Det norske barnevaksinasjonsprogrammet er gratis, her er styresmaktene på banen. HPV-vaksinen kan faktisk føre til at livmorhalskreft nesten forsvinn i framtida – viss alle blir vaksinerte.
Screening – Å oppdage tidleg reddar liv
Dei europeiske kreftråda tilrår at alle deltek i screening for bryst-, tarm- og livmorhalskreft når vi blir inviterte.
– I Noreg har vi nasjonale screeningprogram for alle desse kreftformene. I tillegg anbefaler råda lungescreening for personar med høg risiko for lungekreft, seier områdedirektør Giske Ursin i FHI.
Det viktigaste bodskapen i dei nye europeiske kreftråda er at førebygging verkar!
– Førebygging verkar, og effektive tiltak reduserer både førekomst av kreft og dødsfall, og sparer samfunnet for enorme utgifter, seier Giske Ursin.
– Vi veit meir enn nokon gong om kva som verkar, men spørsmålet er om omgjevnadene gir moglegheit for gode val. På Verdas kreftdag ønskjer vi å løfte fram behovet for meir førebyggande tiltak mot kreft – slik at det blir enklare for alle å ta gode val som kan bidra til å førebygge sjukdom og leve eit lengre og betre liv, seier Giske Ursin i Kreftregisteret ved FHI.