Klimaendringar og klimarelaterte hendingar kan forsterke sosial ulikskap
Forskningsfunn
|Publisert
Kven som blir ramma hardast av klimarelaterte hendingar kjem an på kor alvorleg hendinga er, kor lenge ho varer, kor sårbar ein er frå før og kva for ressursar ein har til å beskytte seg og tilpasse seg etterpå. Dette er eit av fleire funn i ei kunnskapsoppsummering frå FHI.
Forskarane undersøkte klimaendringar og klimarelaterte hendingar og kva dei har å seie for likestilling og sosial ulikskap. Dei inkluderte 76 studiar publiserte mellom 2015-2025 frå ti land med sosialt, økonomisk og geografisk like forhold som i Noreg.
Rapporten:
Rammar særleg dei eldre og dei med svak tilknyting til nærmiljøet
Kartlegginga viser at klimahendingar – som hetebølgjer, ekstrem varme, flaum, skogbrann og stormar – ikkje nødvendigvis gjev like stor belastning for alle. Når klimarelaterte hendingar råkar, viser forskinga at dei som allereie har avgrensa tilgang til informasjon, offentlege tenester, transport, universelt utforma løysingar og helsetenester blir ekstra sårbare og får forverra helse- og levekårsutfordringar.
Det ser særleg ut til at eldre, personar med underliggjande sjukdom eller funksjonsnedsetjingar, åleinebuande og dei med dårleg økonomi er spesielt sårbare. Vidare viser kartlegginga at medan svak tilknyting til nærmiljøet ser ut til å auke belastninga av klimarelaterte hendingar, kan sosial støtte og høg sosial deltaking i nærmiljøet bidra til å redusere denne belastninga og delvis dempe sosiale skilnader.
Manglar kunnskap
Rapporten peikar på fleire forhold der kunnskap manglar:
– Vi fann inga forsking som har undersøkt mogelege samanhengar mellom eller innverknad av klimaendringar på likestilling, og det er fleire dimensjonar av sosial ulikskap som framleis er lite belyst, seier seniorrådgjevar Trine Bjerke Johansen ved FHI.
Det same gjeld forsking frå Noreg og Norden. Sjølv om samanhengen mellom klimaendringar og sosial ulikskap har fått meir merksemd globalt dei siste åra, viser kartlegginga at det trengst mykje meir forsking også her heime om kva faktorar som er viktige for sosial ulikskap og likestilling, korleis desse faktorane verkar saman og evna til tilpassing i befolkninga.
Funna må brukast med aktsemd
Funna i denne kartleggingsoversikta må likevel tolkast og brukast med aktsemd.
– Konsekvensane av klimaendringar og klimarelaterte hendingar er tydeleg avhengige av kontekst, til dels motstridande, og vil truleg endre seg over tid i takt med endringar i klima, demografi, bustadmassar, politikk og tenestekapasitet. Dette tyder på eit behov for ei kontinuerleg, lokalt forankra kunnskapsinnsamling, systematisk evaluering av tiltak og fleksible beredskapsplanar som blir justert etter kven som faktisk blir råka, av kva, når og der det skjer, avsluttar Bjerke Johansen.
Rapporten er gjort på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), i samarbeid med Miljødirektoratet. Føremålet er å bidra i Bufdir sitt arbeid med likestilling og i Miljødirektoratet sitt arbeid med ny nasjonal klimasårbarheitsanalyse.
BufDir si nyhetssak: