Influensavaksinen til vaksinasjonsprogrammet er forseinka
Nyhet
|Publisert
I år kjem influensavaksinen nokre veker seinare enn vanleg. Tidspunktet for vaksinering blir derfor utsett i heile landet. Vaksinane skal vere sende ut til kommunane i fyrste halvdel av november, før influensasesongen vanlegvis startar.
Forsinkinga skuldast produksjonsutfordringar hos enkelte vaksineprodusentar og rammar fleire land. Difor må hovedutsendinga av influensavaksinar til kommunar og helseføretak flyttast nokre veker, seier Kjersti Rydland, leiar av vaksinasjonsprogrammet for vaksne.
Ventes ikkje å ha betydning for influensaepidemien
Den årlege influensaepidemien startar vanlegvis i desember, med ein topp i jula eller i vinterferien. Vaksinen gir best vern frå 1-2 veker til nokre få månader etter at han er sett. Så lenge ein får vaksinert seg i fyrste del av desember vil ein vanlegvis rekkje å bli verna før epidemien startar. Forseinkinga er difor venta å få avgrensa betydning for influensaepidemien, opplyser Folkehelseinstituttet.
Kommunane vil informere på sine nettsider om når dei har vaksinar tilgjengeleg og kvar den enkelte kan ta imot tilbodet, seier Rydland.
Skaper utfordringar for helsetenesta
Folkehelseinstituttet får tilbakemelding frå mange kommunar og fastlegar om at forseinkinga skaper utfordringar for gjennomføringa av haustens vaksinasjonskampanje.
Dette er ein stor jobb som krev nøye planlegging, så vi har stor forståing for utfordringane forseinkinga gir. Vi arbeider for at vidare distribusjon skjer så raskt som mogleg, seier Rydland.
Dei fyrste kommunane får etter planen vanleg influensavaksine i veke 43, og vaksinene sendast deretter ut fylkesvis til og med veke 46.
To av influensavaksinane kjem til kommunane i veke 40 og 41
Førehandsbestilte dosar av to typar influensavaksine er planlagde utsend i heile landet i veke 40 og 41:
- Influensavaksine til bebuarar over 50 år i sjukeheim, omsorgsbustader og forsterka bustadtilbod - Fluad.
- Influensavaksine som nesespray til born og unge frå 2 til 17 år i risikogruppene - Fluenz.
Korona- og pneumokokkvaksine er tilgjengeleg
Forseinkinga gjeld berre influensavaksinen. Koronavaksine og pneumokokkvaksine er tilgjengeleg og blir levert fortløpande til kommunane etter bestilling.
For dei fleste som er tilrådd fleire vaksinar, kan det vere praktisk å vente og ta dei samstundes når influensavaksinen blir tilgjengeleg. Samvaksinering betyr færre oppmøte og gjer det enklare både for den som skal ta vaksinar og for kommunen, forklarer Rydland.
Bør eg ta influensavaksine tidlegare ein annan stad?
Apoteka kan ha influensavaksine før kommunen startar sitt tilbod, og du kan få vaksine der om det hastar å bli vaksinert (t.d. før lengre utanlandsopphald, oppstart av immundempande behandling eller liknande). Dersom du også skal ha pneumokokkvaksine er det nødvendig med resept frå lege for å få den sett på apoteket.
Koronavaksine blir i liten grad tilbydd på apotek, med mindre apoteket har ein eigen lokal avtale med kommunen.
Er du 65 år eller eldre, eller høyrer til ei risikogruppe, kan du trygt vente på kommunens eller fastlegen sitt tilbod gjennom vaksinasjonsprogrammet for vaksne. Du vil då også få eit rimelegare tilbod og kan få fleire vaksinar samtidig, seier Rydland.