Medisinsk bilde av hjerner med markering
Norge er først i verden med en samlet kartlegging av hjernesykdommer. Most Photos

Hjernesjukdomar står for 27 prosent av sjukdomsbyrda i Noreg

Forskningsfunn

|

Publisert

For fyrste gong er sjukdomsbyrda frå hjernesjukdomar kartlagt samla på nasjonalt nivå. Ein ny studie publisert i The Lancet Regional Health Europe viser at hjernesjukdomar står for meir enn ein firedel av sjukdomsbyrda i Noreg. Noreg er først i verda med ei samla kartlegging av hjernesjukdomar.

Ein ny studie publisert i The Lancet Regional Health Europe gir for fyrste gong eit samla bilete av sjukdomsbyrda frå hjernesjukdomar i eitt enkelt land. Studien byggjer på data og metodikk frå Global Burden of Disease (GBD) 2023, og viser korleis sjukdomar i hjernen og nervesystemet påverkar helsa til befolkninga i Noreg. Hjernesjukdomar i denne studien inkluderer nevrologiske, nevrokirurgiske og psykiatriske tilstandar, inkludert ruslidingar, hjå både born og vaksne.

Dei nye tala viser at hjernesjukdomar samla står for nær 27 prosent av sjukdomsbyrda i Noreg. Sjukdomsbyrde er eit mål på kor mykje sjukdom påverkar liv og helse, anten ved at folk døyr tidlegare enn forventa eller ved at dei lever lenge med sjukdom og helseplager.

Studien er gjennomført på initiativ frå Hjernerådet og er eit samarbeid mellom forskarar frå fleire norske fag- og forskingsmiljø. Førsteforfattar er professor emeritus i nevrologi, Lars Jacob Stovner ved NTNU.

Ser heilskapen

– Hjernesjukdomar omfattar mange ulike diagnosar, og for somme kan det verke uvant å sjå sjukdomar som for eksempel motornevronsjukdomar («ALS»), schizofreni og hovudpinesjukdomar i same gruppe. Dette er eit uttrykk for at hjernen er kompleks og har mange ulike funksjonar, og derfor kan sjukdom og skade ha svært ulike utslag. Nettopp derfor er det verdifullt å løfte blikket utover dei enkelte sjukdomane og sjå heilskapen. Berre då får vi eit bilete av kva betydning hjernehelsa har for folkehelsa, seier Lars Jacob Stovner.

– I tillegg er vi inspirerte av eksempla med hjarte- og karsjukdomar, og kreftsjukdomar. For desse sjukdomsgruppene har det heilt klart vore ein styrke å sjå heilskapen, og ikkje berre enkelte sjukdomar. Vi trur og håpar at det å sjå hjernesjukdomane samla kan ha like stor betydning for forsking, førebygging og behandling som det har vore for hjarte-kar- og kreftsjukdomar, seier Stovner.

Studien er den første i sitt slag og gir eit nytt grunnlag for å følgje utviklinga i befolkninga si hjernehelse.

 –  Ved å ha eit samla mål på helsetapet i befolkninga som inkluderer både dødelegheit og sjukdom, gir utrekningane frå Global Burden of Disease-prosjektet unike moglegheiter for å samanlikne byrda av svært ulike sjukdomar, seier Ann Kristin Knudsen, leiar for Senter for sjukdomsbyrde ved Folkehelseinstituttet.

Sjølv om tala er henta frå Global Burden of Disease-prosjektet, byggjer dei på data frå norske sjukdoms- og helseregister. Forskarane meiner slike register er avgjerande for å kunne kartleggje sjukdomsbyrda og følgje utviklinga over tid. Dei peikar også på behovet for auka satsing på registerbasert forsking og fleire sjukdomsspesifikke register for hjernesjukdomar.

– Noreg var det fyrste landet i verda som fekk ein eigen politisk strategi for hjernehelse, og no er vi også fyrst ute med ei samla analyse av sjukdomsbyrda frå hjernesjukdomar. Vi håpar studien kan vere med på å styrkje hjernehelse som fagfelt og inspirere til liknande arbeid internasjonalt, seier Henrik Peersen, generalsekretær i Hjernerådet.

Stor sjukdomsbyrde

Studien har også sett på endringar for hjernesjukdomar i perioden 1990–2023. Sjukdomsbyrda frå hjerneslag har gått monaleg ned dei siste tiåra, noko forskarane meiner m.a. kjem av generelt betre hjarte- og karhelse, men også betre førebygging, behandling og rehabilitering. Samstundes har sjukdomsbyrda auka for Parkinsons sjukdom, angstlidingar, depressive lidingar, spiseproblem og ruslidingar.

– Auken blant desse sjukdomane har vi inga klar forklaring på, og det viser at vi treng meir kunnskap og forsking, seier Stovner.

Dei største bidragsytarane til sjukdomsbyrda frå hjernesjukdomar er:

  • Alzheimers sjukdom og andre demenssjukdomar
  • Angstlidingar
  • Hjerneslag
  • Hovudpinesjukdomar
  • Depressive lidingar

– Vi kan behandle hjartet, lungene og andre organ, men om ikkje hjernen fungerer, mistar vi mykje av det som gjer oss til menneske. Hjernen er avgjerande for korleis vi tenkjer, føler, kommuniserer og rører oss, ja eigentleg for korleis vi lever liva våre. Litt på spissen, kan ein seie at god hjernehelse er målet for alt helsearbeid. Ein konkret måte å overvake hjernehelsa på, er å følgje utviklinga for dei ulike hjernesjukdomane, kvar for seg og samla, seier professor emeritus Lars Jacob Stovner.

Om studien:

Publisert i The Lancet Regional Health Europe basert på data frå Noreg i 2023, og er gjennomført av forskarar ved:

Publisert