Gode levekår, men tydelege sosiale forskjellar i Vestfold
Forskningsfunn
|Publisert
Rundt sju av ti vaksne i Vestfold vurderer helsa som god, og livskvaliteten er gjennomgåande høg. Samtidig aukar økonomiske vanskar og fleire indikatorar peiker i ei mindre gunstig retning for psykisk helse sidan 2021. Det viser ein rapport frå FHI.
– Sjølv om 69 prosent av vestfoldingar oppgjev god eller svært god helse, ser vi ein tydeleg sosial gradient. Blant dei som opplever økonomien som svært vanskeleg, er det under 40 prosent som vurderer helsa si som god eller svært god, samanlikna med over 80 prosent blant dei som opplever økonomien som svært lett. Fire av ti unge vaksne fortel dessutan at økonomien ikkje strekk til, seier forskar Øystein Vedaa.
Folkehelseundersøkinga i Vestfold 2025 gir oppdatert kunnskap om helse, trivsel, levevanar og nærmiljø blant vaksne innbyggjarar. Undersøkinga vart gjennomført av Folkehelseinstituttet i samarbeid med Vestfold fylkeskommune hausten 2025. Sjølve datainnsamlinga vart gjennomført av Ideas2Evidence. Resultata beskriv situasjonen i fylket og utviklinga sidan førre måling i 2021.
Livstilfredsheit på 7,4 av 10
Undersøkinga viser at 69 prosent vurderer helsa som god eller svært god, og gjennomsnittleg livstilfredsheit ligg på 7,4 av 10. Samtidig rapporterer 14 prosent at helseproblem i stor grad påverkar kvardagen. Psykiske plager ligg i snitt på 1,6 på ein skala frå 1 til 4, og 13 prosent har søvnproblem samsvarande med insomni (søvnløyse).
Økonomiske utfordringar er eit tydeleg trekk i undersøkinga i år: Andelen som oppgjev økonomiske vanskar har auka frå 18 til 26 prosent sidan 2021. Dei yngste vaksne står fram som ei særleg sårbar gruppe, med høgare nivå av psykiske plager, einsemd og søvnproblem enn dei eldre aldersgruppene. Samtidig har andelen einsame blant unge vaksne gått vesentleg ned sidan førre måling i 2021. Fire av ti unge vaksne opplever det som vanskeleg å få pengane til å strekke til.
Når det gjeld levevanar, viser rapporten ei blanda utvikling: Dagleg røyking og fleire alkoholindikatorar går ned, medan kosthaldet utviklar seg i mindre gunstig retning, med lågare inntak av fisk og grønsaker og høgare forbruk av sukkerhaldig drikke.
Nærmiljø og tilgang til tilbod
Dei fleste i Vestfold rapporterer god tilgang til naturområde (93 prosent) og høg grad av trivsel i nærmiljøet (73 prosent). Geografiske forskjellar er små for helse og livskvalitet, men større når det gjeld tilgang til kultur, transport og servicetilbod. Holmestrand skil seg ut med lågare opplevd tilgjengelegheit på fleire område, medan Tønsberg ligg høgt på kultur- og servicetilbod.
– Vestfold har mange sterke folkehelseressursar, særleg gode nærmiljøkvalitetar. Samtidig er det sosiale forskjellar – særleg knytt til utdanning og økonomi – som utgjer dei tydelegaste folkehelseutfordringane, seier Vedaa.
Om undersøkinga
Undersøkinga vart gjennomført digitalt frå september til oktober 2025. I alt vart 72 831 personar inviterte, og 31 994 samtykt til deltaking (43,9 prosent). Resultata er vekta for å ta omsyn til trekksannsyn i utvalet og fråfall, og presenterast for alle seks kommunar i fylket: Færder, Holmestrand, Horten, Larvik, Sandefjord og Tønsberg.