Gode behandlingsresultat for pasientar som har brystkreft med spreiing
Forskningsfunn
|Publisert
I 2015 endra ein behandlinga av ein type brystkreft med spreiing etter banebrytande resultat vart vist i den internasjonale CLEOPATRA-studien. No syner ei studie frå Kreftregisteret at behandlinga har minst like god effekt i klinisk praksis i Noreg.
4528 kvinner og 30 menn fekk brystkreft i Noreg i 2025. Ved utgangen av 2025 var det totalt 62 952 kvinner som levde med brystkreft. Av desse hadde 6294 såkalla HER2-positiv sjukdom og 638 levde med HER2-positiv sjukdom med spreiing.
- Omtrent 15 til 20 prosent av alle brystkreftsvulstar er HER2-positive. Denne typen brystkreft er kjenneteikna ved at kreftcellene har eit overuttrykk av eit protein, kalla HER2. Når denne er sterkt uttrykt, blir kreftcellene stimulert til vekst. Å blokkere denne mekanismen blir difor eit nøkkelmål for behandlinga, forklarar førsteforfattar av studien, Kathrine F Vandraas, som er onkolog ved Oslo universitetssjukehus og postdoktor i prosjektet Ny kreftbehandling og overleving: brystkreft ved Kreftregisteret.
- Translating CLEOPATRA into routine practice: National treatment patterns and survival for patients with HER2-positive metastatic breast cancer (ELSEVIER – The Breast)
Ifølgje Vandraas brukte studien data frå fleire nasjonale helseregister. Ho omfatta kvinner som fekk diagnosen HER2-positiv metastatisk brystkreft (brystkreft med spreiing) mellom 2012 og 2021, og som fekk behandling i samsvar med gjeldande retningslinjer. Forskarane samanlikna pasientar som fekk monoterapi med trastuzumab + cellegift i 2012-2014 med dei som fekk den nye kombinasjonsbehandlinga med trastuzumab og pertuzumab + cellegift etter 2015.
Nasjonale register gir unike moglegheiter
- Noreg er i ein særposisjon når det gjeld forsking basert på helseregister. Gjennom kopling av opplysningar frå Kreftregisteret, Norsk pasientregister, Dødsårsaksregisteret og andre nasjonale databasar kunne forskarane følgje behandling og overleving for pasientane over tid. Totalt inngjekk 329 kvinner i analysen. Nesten ein firedel var 65 år eller eldre, og mange hadde helseutfordringar som ville gjort dei mindre aktuelle for deltaking i ein tradisjonell klinisk studie, seier Nathalie Støer, forskar ved Kreftregisteret og sisteforfattar av studien.
- Dette gjer resultata særleg relevante for helsevesenet, fordi dei speglar pasientgruppa som faktisk vert behandla i klinisk praksis, seier Støer.
Fleire fekk moderne behandling
- Bruken av kombinasjonsbehandling auka raskt etter at hende vart godkjend for bruk i Noreg i 2015. Allereie i 2016 var ho meir nytta enn behandling med trastuzumab aleine, seier Vandraas.
- Vi fann òg at meir enn halvparten av pasientane i studien vår ikkje ville ha oppfylt kriteria for å delta i CLEOPATRA-studien. Likevel såg vi gode behandlingsresultat også blant desse pasientane, påpeikar Vandraas.
Kan resultat frå studiar overførast til røynda?
- Kliniske studiar blir gjennomførte under kontrollerte forhold og inkluderer ofte pasientar som er friskare enn den gjennomsnittlege pasienten i helsetenesta. I CLEOPATRA-studien var for eksempel eldre pasientar og personar med fleire tilleggssjukdommar i liten grad representerte. Difor har det vore viktig å undersøkje om dei gode resultata også kjem fram i vanleg klinisk praksis, seier Vandraas.
- Den norske studien brukte data frå fleire nasjonale helseregister og omfatta kvinner med HER2-positiv metastatisk brystkreft som fekk behandling mellom 2012 og 2021. Vi samanlikna pasientar som fekk behandling før innføringa av pertuzumab med dei som fekk den nye kombinasjonsbehandlinga etter 2015, seier Vandraas.
-Studien syner verdien av å kombinere resultat frå kliniske studiar med kunnskap frå helseregister. Mens kliniske studiar dokumenterer om ei behandling verkar under kontrollerte forhold, kan registerstudiar vise korleis behandlinga fungerer i den verkelege verda. Funn i studien tyder på at overlevinga i klinisk praksis er minst like god som resultata som tidlegare vart dokumenterte i den internasjonale CLEOPATRA-studien, understrekar Vandraas.
Auka overleving etter innføring av pertuzumab
- Tidlegare var HER2-positiv sjukdom forbunde med dårleg prognose, særleg når kreftsjukdommen hadde spreidd seg til andre delar av kroppen. Ny statistikk frå Kreftregisteret viser at sannsynet for å leve i 10 år med metastatisk brystkreft no er dobbelt så høgt for HER2-positiv brystkreft som for HER2-negativ brystkreft, seier Cassia Trewin-Nybråten, forskar ved Kreftregisteret og medforfattar av studien.
- Utviklinga av målretta legemiddel mot HER2 har ført til store framsteg. Trastuzumab var det første legemiddelet som revolusjonerte behandlinga, og seinare viste CLEOPATRA-studien at kombinasjonen av trastuzumab, pertuzumab og cellegift gav vesentleg betre overleving enn tidlegare standardbehandling. Denne behandlinga vart etter kvart innførd som standard førstelinjebehandling og er det framleis i mange land, inkludert Noreg, opplyser Vandraas.
- Det viktigaste funnet i studien var at median total overleving steig frå 69 månader i perioden før CLEOPATRA-behandlinga til 96 månader etter innføringa av kombinasjonsbehandlinga. Fire år etter behandlingsstart var 65 prosent av pasientane i live i den siste perioden, mot 59 prosent i den tidlegare perioden, seier Støer.
- Overlevinga i den norske pasientgruppa er altså på nivå med resultata som vart rapportert i den opphavlege CLEOPATRA-studien. Dette styrkjer tilliten til at behandlinga har effekt ikkje berre for utvalde studiepasientar, men òg for pasientar som vert behandla i det ordinære helsevesenet, forklarar Støer.
Viktig kunnskap for framtidas kreftbehandling
- For pasientar med HER2-positiv metastatisk brystkreft gir resultata eit viktig bodskap. Moderne HER2-retta behandling ser ut til å føre til langvarig overleving også utanfor forskingsstudiane. Samtidig ser vi behovet for vidare oppfølging og forsking for å sikre at stadig fleire pasientar får best mogleg behandling, avsluttar Vandraas.