Illustrasjonen løftar frem 1930 (Mjølk, tran og anna næringsrik "sikringskost"), 1960 (Feitt og hjartehelse kjem på dagsorden),1975 (Meir fisk, mindre feitt og feite meieri- og kjøtprodukt), 1996 ("Fem om dagen" blir lansert) og 2024 (Meir plantebasert mat og mindre kjøt)
Illustrasjon av ei tidslinje om råd og engasjement i over 100 år

Frå smørstrid til kjøttdebatt: Kostråd har alltid skapt diskusjon

Forskningsfunn

|

Publisert

Debatt om norske kostråd er ikkje nytt. Ein ny studie viser at kostråda har vore diskuterte i over 100 år og har vore forma av både forsking, helseomsyn og matpolitikk.

Både før og etter at dei nye norske kostråda blei lanserte i 2024, gjekk diskusjonane høgt i norske medium: Kor mykje raudt kjøtt bør vi ete? Kva plass skal beredskap og berekraft ha i kostråda? Og kvar går grensa mellom ernæringsfaglege råd og politiske prioriteringar?

Slike spørsmål har følgt norske kostråd i generasjonar. Det viser ein ny historisk gjennomgang av utviklinga av kostråd i Noreg.

– Det kan verke som om diskusjonane i dag er noko nytt. Historia viser at kostråd har blitt debatterte så lenge styresmaktene har gitt råd om mat og helse, seier Helle Margrete Meltzer, førsteforfattar av studien.

Stabile råd – og store skifte

Forskarane i studien har gått gjennom informasjonsmateriell, offentlege dokument og historiske kjelder frå slutten av 1800-talet og fram til i dag. Analysen viser at nokre råd har vore påfallande stabile: Et meir fisk, grove kornprodukt, frukt og grønsaker – og mindre sukker.

Andre råd har endra seg meir. På 1930-talet blei heilmjølk løfta fram som ein viktig del av eit sunt kosthald. Ernærings- og landbrukspolitikken var tett samanvovne. Frå 1970-talet kom det eit skilje; då blei redusert inntak av metta feitt eit sentralt mål etter kvart som ny forsking knytte inntaket av metta feitt til hjarte- og karsjukdom.

Det førte til høglydte diskusjonar om smør, feite meieriprodukt og forholdet mellom helseomsyn og norsk matproduksjon.

Kosthald er meir enn ernæring

Studien viser at kostråd aldri berre har handla om næringsstoff og førebygging av sjukdom. Omsyn til matforsyning, sjølvforsyning, beredskap og landbrukspolitikk har òg påverka kva råd som er blitt gitt.

– Historia til kostråda viser at ernæringspolitikken ofte handlar om meir enn ernæring. Helseomsyn har måtta balanserast mot andre samfunnsmål gjennom heile perioden, seier Meltzer.

Ifølgje forskarane kan historia gi eit nytt perspektiv på debatten i dag om raudt kjøtt og berekraft. Mange av spørsmåla som blir diskuterte i dag, har vore oppe før – berre med andre matvarer, andre konfliktar og eit anna kunnskapsgrunnlag.

Hovudmålet har likevel lege fast, og det er å gi befolkninga oppdaterte og kunnskapsbaserte råd som kan fremje helse og førebyggje sjukdom.

Publisert