Forskjellar i belastning på jobb påverkar folkehelsa
Nyhet
|Publisert
Arbeid er ein viktig helsefremjande faktor i livet til dei fleste vaksne. Samtidig er det ikkje berre det å ha ein jobb som betyr noko for helsa, men også korleis arbeidsforholda faktisk er.
Dette blir beskrive i Folkehelserapportens oppdaterte kapittel om arbeid og helse:
Arbeid og helse er også tema for folkehelseprofilane for kommunane, som blir publiserte av Helsedirektoratet i dag:
Muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar viktigast
Dei mest langvarige sjukefråværa og trygdeytingane er knytt til muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar. I yrke og tenester der sjukefråværet er høgt på grunn av slike diagnosar, slik som i delar av helse og omsorg og i barnehagesektoren, kan arbeidsbelastningane vera store. Det gjeld både fysisk arbeid, emosjonelle krav og andre forhold som kan auka risikoen for helseplager.
– Forskjellar i belastning mellom ulike yrke påverkar risikoen for både fysiske og psykiske helseplager, og er viktig å forstå korleis ein kan auka arbeidsdeltakinga og få ned sjukefråvær. Når belastningane blir store over tid, aukar risikoen for sjukdom, seier Dagfinn Mørkrid Thøgersen, direktør ved område for folkehelse og førebygging ved Folkehelseinstituttet.
Kapittelet i Folkehelserapporten tek for seg korleis arbeidslivet i Noreg har ein innverknad på folkehelsa. I Noreg er om lag sju av ti vaksne i arbeidsstyrken. Sysselsetjinga er relativt høg i internasjonal samanlikning, men sjukefråværet er òg relativt høgt.
Arbeid er viktig for helsa fordi det gir tilgang til sosiale relasjonar, identitet, personleg vekst, økonomisk tryggleik og andre helsefremjande ressursar, og er derfor ein sentral arena for førebygging og helsefremjande arbeid. Samtidig kan arbeid òg påverka helsa negativt gjennom skadar og eksponering for helseskadelege forhold.
– For å førebyggja helseproblem knytte til arbeid treng me både kunnskap om konkrete arbeidsmiljøutfordringar i ulike bransjar og yrke, og gode tiltak for å redusere desse og hjelpe dei som får helsevanskar, seier Thøgersen.
Arbeidsliv i endring
Arbeidslivet er i rask endring, noko som óg påverkar folkehelsa. Digitalisering, kunstig intelligens, klimaomstilling og demografiske endringar gjer at arbeidsoppgåver og arbeidsmiljø endrar seg. Pandemien har i tillegg bidrege til meir heimekontor og nye arbeidsformer.
– Dette gir nye moglegheiter, men også nye risikofaktorar. Nokon opplever større fleksibilitet, medan andre får auka utfordringar knytte til tilhøyrsel, arbeidsbelastning og balansen mellom arbeid og fritid. Det er viktig å følgja med på korleis desse endringane påverkar helse og arbeidsdeltaking, og nytte kunnskapen til å styrke dei helsefremmande sidene knytt til arbeid, seier Thøgersen.