Førekomsten av antibiotikaresistens er framleis låg
Nyhet
|Publisert
I Noreg er førekomsten av antibiotikaresistens framleis låg i bakteriar hos menneske. Det viser tal frå Norsk overvakingssystem for antibiotikaresistens hos mikrobar (NORM) for 2025.
Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden– Den låge førekomsten av antibiotikaresistens i Noreg kjem av lågt bruk av antibiotika, eit gunstig forbruksmønster og effektive tiltak mot spreiing av resistente bakteriar, seier Gunnar Skov Simonsen, som leiar NORM, og er tilknytt Universitetssjukehuset i Nord-Noreg og Folkehelseinstituttet (FHI).
– Riktig bruk av antibiotika og godt smittevern i alle delar av samfunnet er dei grunnleggjande pilarane i arbeidet mot resistens, seier han.
Norsk overvakingssystem for antibiotikaresistens hos mikrobar (NORM) og Norsk overvakingssystem for antibiotikaresistens i mikrobar frå fôr, dyr og næringsmiddel (NORM-VET) gir ut ein felles årleg rapport som legg fram data om førekomst av antibiotikaresistens og bruk av antibiotika til menneske og dyr:
Resultata som vert presenterte i rapporten viser at strategiane mot antibiotikaresistens har vore vellukka.
– Sjølv om mykje er oppnådd, er det truleg framleis område for forbetring, som å unngå antibiotikaføreskriving ved virusinfeksjonar, velje rett antibiotika og tilpasse dosering eller lengd på kuren, seier Skov Simonsen.
Den jamne nedgangen i antibiotikabruk i primærhelsetenesta dei siste åra kan skuldast auka merksemd kring antibiotikaresistens, både blant helsepersonell og i befolkninga generelt. Etter innføringa av regjeringa si handlingsplan mot antibiotikaresistens i 2016 har ein stor del fastlegar gjennomført kvalitetsforbetrande kurs om rett antibiotikaføreskriving.
Fakta om antibiotikabruk i Noreg
Under covid-19-pandemien vart det observert ein reduksjon i bruken av antibiotika, men forbruket er no attende på om lag same nivå som før pandemien.
Rundt 85 prosent av alt antibiotikabruk er i primærhelsetenesta, det vil seie utanfor helseinstitusjonar. Penicillinar er oftast føreskrive i primærhelsetenesta, følgd av tetracyklinar.
I Noreg er luftveis- og urinveisinfeksjonar dei vanlegaste infeksjonane for antibiotikabruk.
Om NORM og NORM-VET
NORM og NORM-VET vart oppretta i år 2000 som delar av regjeringa sin tiltaksplan mot antibiotikaresistens. NORM vert koordinert av Universitetssjukehuset i Nord-Noreg. NORM-VET er koordinert av Veterinærinstituttet.
På Veterinærinstituttet sine nettsider kan du lese nyheit om resultat frå NORM-VET for 2025: