Bruk av KI i vurdering av mammografibilde gir berre små innsparingar i legetidsbruk
Forskningsfunn
|Publisert
Sjølv om kunstig intelligens (KI) kan redusere talet på mammografibilde som radiologane må vurdere med nær halvparten, vert likevel innsparinga i legetidsbruk liten.
Det viser ein ny studie frå Mammografiprogrammet.
I Mammografiprogrammet vert alle screeningbileta vurderte av to radiologar uavhengig av kvarandre. Forskarane ville finne ut om det er mogleg å spare noko av tida legane brukar på dette arbeidet ved å ta i bruk kunstig intelligens.
Ved å erstatte ein av dei to radiologane med KI i vurderinga av screeningbileta, kan tida som går med til biletevalueringa reduserast til om lag halvparten.
– Utfordringa er likevel at vurdering av screeningbileta berre utgjer ein liten del av det totale arbeidet legane gjer ved brystsentra, seier prosjektleiar og leiar for Mammografiprogrammet Solveig Hofvind ved Kreftregisteret, FHI.
– Gevinsten ved å innføre KI ligg difor hovudsakleg i kvaliteten på screeningprogrammet, ikkje i store tidsinnsparingar for sjukehusa, seier ho.
Mangel på radiologar som bakteppe
Bakgrunnen for studien er den vedvarande mangelen på radiologar, særleg med spesialisering innan brystkreft, både i Noreg og Europa. Studier har vist lovande resultat for bruk av KI til vurdering av screeningbilete dei siste åra, og dette kan bli eit viktig verktøy for å effektivisere Mammografiprogrammet.
Forskarane samla inn informasjon frå dei 16 brystsentra vi har i Noreg. Dei fann at det til saman var 95 radiologar involverte i vurdering av screeningbilete i Mammografiprogrammet i 2024. Deira stillingar utgjorde tilsaman 71 årsverk. Av dette brukte legane i underkant av 7 årsverk på å vurdere bilete frå om lag 250 000 screeningundersøkingar.
Dersom ein av dei to legane som vurderer undersøkingane vert erstatta med KI, kan altså talet på årsverk brukt til vurdering av screeningbilete halverast, til 3,5. Dette tilsvarar ein nedgang i andel av arbeidstid frå 9 til 4,5 prosent.
Avgrensa effekt på total arbeidsmengde
Men vurdering av screeningbileta utgjer berre ein liten del av radiologane sitt arbeid ved brystsentra. Legane brukar i tillegg tid på blant anna konsensusmøte der dei diskuterer kven som må kallast inn til tilleggsundersøkingar, og gjennomføring av desse.
Totalt vart det estimert at legane brukte om lag 16 av dei totalt 71 årsverka på screeningrelatert arbeid. Dette inkluderte 7 årsverk på screeningbilete, 3 på konsensus og 6 på tilleggsundersøkingar. Resten av tida vert brukt til anna arbeid, til dømes vurdering av tilvisingar frå fastlege, oppfølging av kvinner tilvist grunna symptom og kontrollar av dei som tidlegare har hatt brystkreft.
– Sjølv med KI-støtta vurdering av bileta, vil screeningarbeidet framleis utgjere mellom 19 og 22 prosent av legane si totale arbeidsmengde ved brystsentra, forklarer Hofvind.
Små endringar gir store utslag
Studien viser også korleis små endringar i andel kvinner som blir kalla inn til tilleggsundersøking, kan få stor innverknad på arbeidsmengda til legane.
Dersom andelen tilbakekallingar aukar frå dagens nivå på rundt 3 prosent til for eksempel 5,5 prosent, kan den samla screeningrelaterte arbeidsmengda for legane auke frå 16 til 20 årsverk.
Hofvind seier slike endringar ikkje er urealistiske når nye arbeidsmetodar eller teknologi vert innført i mammografiscreening.
– Dette visar at eventuelle tidsgevinstar for legane raskt kan forsvinne dersom KI fører til fleire tilbakekallingar, seier Hofvind.
Ho legg til at alle desse tala er berekningar, og at det må reknast med noko auka tidsbruk i starten, før ein får gode rutinar og kanskje større innsparing.
Innføring av KI må ikkje svekkje legekompetansen
– Innføring av KI i mammografiscreening må vurderast grundig og følgjast nøye i praksis, understrekar Hofvind.
Hofvind peikar på fleire viktige sider som må vurderast, mellom anna kostnader.
– Vi må også sikre at kompetansen til legane i å vurdere screeningbilete vert oppretthalde og vidareutvikla. Vi er heilt avhengige av høg fagleg ekspertise også i framtida, og då må dei nye legane få nok erfaring til å kunne utvikle denne kompetansen, dei må lære å bruke KI på ein konstruktiv og god måte, avsluttar ho.
Om studien
Studien er ein retrospektiv registerstudie basert på aggregerte data frå alle 16 brystsentra i Mammografiprogrammet i 2024. Det vart brukt føresetnader om tidsbruk for bildetolking, konsensus og tilleggsundersøkingar for å rekne ut arbeidsmengde i årsverk. Studien er publisert i European Radiology.