Berre halvparten deltek i tarmscreening

Nyhet

|

Publisert

52 prosent av dei inviterte deltok i Tarmscreeningprogrammet i 2025, og menn deltok sjeldnare enn kvinner. Samstundes viser ein ny rapport at kvaliteten i programmet er gjennomgåande god.

Kvinner og menn blir inviterte til Tarmscreeningprogrammet frå dei fyller 55 år. Målet er å oppdage tarmkreft eller forstadium til kreft tidleg.

I alt fekk 167 246 personar tilsendt prøvesett i 2025. Av desse sende 52 prosent inn ei prøve innan seks månader. Deltakinga var 57 prosent blant kvinner og 48 prosent blant menn, ein skilnad på nesten 10 prosentpoeng.

– Trass i at mange deltek, er det framleis mange som ikkje nyttar tilbodet når dei får invitasjon. Skilnaden mellom kvinner og menn er tydeleg, og framover blir det viktig å nå fleire menn med forståeleg og relevant informasjon om tarmscreening, seier leiar for Tarmscreeningprogrammet, Kristin Ranheim Randel.

Skilnaden mellom kvinner og menn var tydeleg i heile landet. Helse Vest peika seg likevel ut med gjennomgåande høg deltaking blant både kvinner og menn.

Høgast deltaking vart registrert blant kvinner ved Helse Førde HF, der 62 prosent sende inn ei prøve. I den andre enden deltok berre 40 prosent av mennene i Finnmark innan seks månader etter invitasjonen.

Nøkkeltall Tarmscreeningprogrammet 2025

Fleire tiltak for å auke deltakinga

Tarmscreeningprogrammet starta i 2022 og blei landsdekkjande i januar 2024. Programmet blir bygd gradvis opp, og heile aldersgruppa frå 55 til 65 år vil først vere inkludert i 2031.

For å auke deltakinga sette Tarmscreeningprogrammet i gang fleire tiltak i 2026. Informasjonen som blir send til deltakarane, er revidert og tidspunktet for utsending av påminningar er justert. Det blei òg gjennomført ein nasjonal informasjonskampanje i regi av Kreftforeininga og NORILCO våren 2026.

– Det er førebels for tidleg å seie kva effekt tiltaka har hatt, men vi håper dei vil bidra til at fleire kjenner til tilbodet og vel å delta. Vi følgjer utviklinga tett og ser særleg på kva grupper som har lågare deltaking, slik at vi kan tilpasse informasjonen og tiltaka vidare, seier Randel.

Rundt éin av tjue får påvist blod i avføringa

I Tarmscreeningprogrammet får deltakarane tilsendt eit prøvesett i posten og tek ei enkel avføringsprøve heime. Prøva blir deretter send inn til analyse. Dersom det blir funne blod over grenseverdien, blir deltakaren tilvist til koloskopi, som er ei innvendig undersøking av tarmen.

Av dei nesten 90 000 som sende inn ei prøve i 2025, hadde 5,5 prosent blod over grenseverdien. Det svarer til om lag 4 800 personar, eller rundt éin av tjue deltakarar. Det var oftare menn enn kvinner som fekk påvist blod i prøva. Helse Nord hadde den høgaste prosentdelen positive prøver.

– For dei fleste viser prøva ikkje blod over grenseverdien. Blod i prøva betyr heller ikkje nødvendigvis at personen har kreft. Samstundes er dette eit viktig funn som bør følgjast opp for å finne årsaka. Dei aller fleste som får tilbod om koloskopi etter ein positiv prøve, møter til undersøkinga, seier Randel.

Mange får påvist polyppar

Blant deltakarane som gjennomførte ein koloskopi i 2025, fekk om lag halvparten påvist minst éin polypp. Polyppar er små utvekstar i tarmen. Nokre av dei kan over tid utvikle seg til tarmkreft, men denne utviklinga kan ta mange år. Hos dei fleste blir polyppane fjerna under koloskopien.

– Ein viktig gevinst ved tarmscreening er at vi kan oppdage og fjerne polyppar før dei utviklar seg til kreft. Screening kan dermed både bidra til at kreft blir oppdaga tidlegare, og til å førebyggje utvikling av kreftsjukdom, seier Randel.

Foto av kvinne i hvit skjorte
Leiar for Tarmscreeningprogrammet, Kristin Ranheim Randel. FHI

Tarmkreft er den nest vanlegaste kreftforma i Noreg, både blant kvinner og menn. Om lag 5 000 personar får sjukdommen kvart år, og rundt 1 500 døyr som følgje av han. I 2025 vart det oppdaga tarmkreft hos 104 deltakarar, 56 menn og 48 kvinner.

– Tidleg oppdaging har mykje å seie. Når tarmkreft blir oppdaga før sjukdommen har spreidd seg, er prognosen ofte svært god, seier Randel.

God kvalitet i screeningprogrammet

Tarmscreeningprogrammet nådde målet for seks av åtte kvalitetsindikatorar i 2025. Dei fleste indikatorane måler kvaliteten på koloskopiundersøkingane, og resultata var gjennomgåande gode på nasjonalt nivå, men varierte noko mellom helseføretaka. Enkelte helseføretak hadde òg få undersøkingar gjennom året, noko som gjer resultata meir usikre.

– Høg kvalitet er avgjerande for at befolkninga skal kunne ha tillit til screeningtilbodet. Resultata viser at kvaliteten gjennomgåande er god, men vi ser òg enkelte skilnadar mellom helseføretaka. Når eit helseføretak ikkje når eit kvalitetsmål, følgjer vi opp resultata i samarbeid med det aktuelle senteret, seier Randel.

Publisert