Hopp til hovedinnhold
FHI logo
Legemiddel og en dame som plotter inn på en datamaskin
Illustrasjon: FHI

Statistikk om legemiddel knytt til store sjukdommar er no tilgjengeleg på FHI Statistikk

Nyhet

|

Publisert

Folkehelseinstituttet gjer no statistikk tilgjengeleg for 20 ulike legemiddelgrupper utlevert i apotek. Statistikken viser mellom anna ein auke i brukarar og dosar i legemiddelgruppa diabetes. Tala viser også at det dei siste åra har vore ein auke i brukarar av legemiddel mot ADHD, og at det er skilnader mellom kvinner og menn.

Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert

Ta meg til forsiden

Folkehelseinstituttet får fleire førespurnader om legemiddelbruk i Norge basert på data om utlevering av legemiddel utlevert frå apotek. FHI har no gjort statistikk om slike data tilgjengeleg. Vi har tidlegare publisert statistikk om “Legemiddel for vektreduksjon”. Legemiddelgruppene det no vert publisert samla statistikk for er lista opp i tabell 1 lenger ned i denne saka. Legemiddelgruppene gir samla statistikk for legemiddel som er vanleg å nytte mot ulike tilstandar. 

Statistikken kan brukast til å sjå nærmare på utvikling av bruk av legemiddel frå apotek, til dømes migrene, diabetes eller ADHD. 

Diabetes

I legemiddelgruppa diabetes er legemiddel for behandling av diabetes type I og diabetes type II inkludert. Det siste tiåret har det vore ein jamn svak auke i personar som brukar eit legemiddel i denne gruppa.

– Årsaker kan både vere at fleire får diabetes, eller at fleire blir diagnostisert med diabetes som tidlegare ikkje var oppdaga. At folk lever lenger med sjukdommen og at fleire bruk desse legemiddela for andre sjukdommar kan og påvirke tala, sier Kristi Henjum, seniorrådgiver ved avdeling for legemiddelstatistikk ved FHI.

– Auken i brukarar av middel mot diabetes har vore meir markant dei siste tre åra også når ein ser på dosar, poengterar Henjum. Dette kan ha samanheng med aukande bruk av Ozempic™ som inneheld virkestoffet semaglutid som senkar blodsukkeret, men og kan gi vektreduksjon, spesielt i høgre dosar.

Ozempic™ skal bli nytta mot diabetes medan Wegovy™ som også inneheld semaglutid, men i høgre dose, skal bli nytta for vektreduksjon.

Bruk av Wegovy™ og Saxenda™ til vektreduksjon er ikkje tatt med i legemiddelgruppa diabetesmiddel, men alle utleveringar av Ozempic™ er tatt med. Saxenda™ inneheld liraglutid som tilhøyrer den same legemiddelgruppa som semaglutid, dei er begge GLP-1-analogar med liknande verknad. 

– Det siste året har det vore problem med tilgang av Ozempic™ og myndigheitene har no endra retningslinjene for refusjon for Ozempic™ slik at denne trenden kanskje endrast i 2024, fastslår Henjum.  

Graf - diabetes
Figur 1: Det siste tiåret har det vore ein auke som er mest tydeleg dei siste tre åra frå 2020-2023 i brukarar av diabetesmiddel (figur 1A) og i dosar utlevert (figur 1B). Eit individ er definert som ein person som får utlevert minst eitt legemiddel i gruppa diabetes som inkluderer alle legemiddel i ATC kode A10 utanom WegovyTM og SaxendaTM . DDD: dagleg definert dose. Kjelde legemiddelregisteret (LMR), Folkehelseinstituttet, https://statistikk.fhi.no/lmr 26.09.2024. FHI

ADHD

Det har vore ein auke i brukarar i gruppa ADHD-middel dei siste to tiåra frå 2004–2023.

Det er flest gutar i alderen 13–17 år som brukar legemiddel mot ADHD. Det er færre menn i alderen 18–29 år som brukar eit legemiddel mot ADHD enn gutar 13–17 år. I begge desse gruppene ser ein at auken har vore noko større dei siste tre åra frå 2020–2023.

Frå 2020–2023 ser ein også ein større auke i kvinner som brukar legemiddel mot ADHD. I aldersgruppa 13–17 år er det færre jenter enn gutar som nyttar legemiddel mot ADHD middel. Blant kvinner ser ein imidlertid at det er omtrent like mange i alderen 18–29 år som nyttar legemiddel mot ADHD som jenter 13–17 år.

Blant vaksne mellom 18–39 år er det litt fleire kvinner som brukar legemiddel mot ADHD enn menn. Blant kvinner ser ein ikkje den same nedgangen i bruk etter passert 18 år og gjennom 20-åra som ein ser for menn. 

Graf
Figur 2: Brukarar av i legemiddelgruppa ADHD middel i alderen 6-40 år. I alderen 6-17 år er gutar presentert i A) og jenter i B). I alderen 18-39 år er menn i C) og kvinner i D). Eit individ er definert som ein person som får utlevert minst eitt legemiddelgruppa i ADHD, som inkluderar guanfacin (C02AC02), amfetamin (N06BA01), deksamfetamin (N06BA02), metylfenidat (N06BA04), atomoksetin (N06BA09) og lisdeksamfetamin (N06BA12). DDD: dagleg definert dose. Kjelde Legemiddelregisteret (LMR), Folkehelseinstituttet https://statistikk.fhi.no/lmr 26.09.2024. FHI

Om statistikken

Data for legemiddelgruppene vert henta frå Legemiddelregisteret (LMR) det vil sei at data gjeld legemiddel utlevert etter resept frå apotek. 

Legemiddel brukt i institusjon og bruk utan resept er ikkje inkludert i registeret. For enkelte legemiddelgrupper, slik som ADHD-middel, er det i dag ingen reseptfrie legemiddel i legemiddelgruppa. I andre grupper, slik som allergimiddel og potensmiddel, er det også sal utan resept som ikkje er inkludert her.

Sjølv om eit legemiddel er utlevert treng ikkje brukaren å ha brukt legemiddelet. 

Tabell 1: Legemiddelgruppene det no vert publisert samla statistikk for på FHI statistikk

Legemiddelgruppe  

ADHD midler 

Hormontilskudd ved overgangsalder 

Potensmidler (etter resept) 

Prevensjonsmidler (unntatt p-stav og hormonspiral)  

Prevensjonsmidler, p-stav og hormonspiral 

Legemidler for vektreduksjon 

Allergimidler, tabletter og miksturer 

Antibiotika 

Antibiotika (unntatt metenamin) 

Antidepressiva 

Astma- og KOLS-midler 

Benzodiazepiner (unntatt midazolam)  

Legemidler ved hjerte- og karsykdommer (unntatt kolesterolsenkende og antitrombotika) 

Demensmidler 

Diabetesmidler  

Kolesterolsenkende midler 

Migrenemidler 

Smertestillende midler 

Smertestillende midler, opioider  

Smertestillende midler (unntatt opioider) 

Sovemidler 

Sovemidler, vanedannende 

 

Publisert
Fant du det du lette etter?