Dødsårsaksregisteret: Nesten halvparten av overdødeligheita under pandemien skuldast ikkje covid-19
Forskningsfunn
|Publisert
I siste halvdelen av 2021 og i 2022 var det tydeleg overdødelegheit i Noreg, og covid-19 stod for om lag halvparten. Forskare ved Folkehelseinstituttet har undersøkt kva for andre sjukdommar og tilstandar enn covid-19 som bidrog til overdødelegheit frå Noreg stengte ned i mars 2020 til og med desember 2022.
Ein ny studie er publisert i BMC Public Health, skrive av forskarar ved Dødsårsaksregisteret ved Folkehelseinstituttet.
I artikkelen viser forskarane at det var 7744 fleire dødsfall enn venta i pandemiperioden, mars 2020–desember 2022. Det var 3632 fleire dødsfall enn venta i same periode om ein ser bort frå covid-19.
Overdødelegheita var størst i 2022 med 13,7 % justert for alderssamansetnad. Av dette var 48 % av andre årsaker enn covid-19. Alle dødsfall på grunn av covid-19 er uventa fordi ingen hadde føresett covid-19 før 2020. Men tala syner at også andre sjukdommar bidrog til overdødeligheit i perioden, seier Guttorm Raknes, overlege ved Dødsårsaksregisteret ved FHI.
I prosent justert for alderssamansetnad (aldersstandardisering) |
Dødsfall (absolutte tal) |
|||
År |
2020 |
2021 |
2022 |
Mars 2020-2022 |
Totalt |
0,0 % |
2,9 % |
13,7 % |
7744 |
Covid-19 |
1,0 % |
2,1 % |
7,1 % |
4112 |
Ikkje-covid-19 |
-1,0 % |
0,8 % |
6,6 % |
3632 |
Trass i at det i periodar tidleg i pandemien var færre døde enn venta, syner tala at det samla var overdødelegheit i perioden, også for ikkje covid-relaterte sjukdommar.
Fleire enn venta døydde av hjarte- og karsjukdommar
Av dei store dødsårsakene, var det hjarte- og karsjukdommar som dominerte overdødelegheita. Heilt sidan sommaren 2020 har det vore mange innrapporterte hjarte-kardødsfall. I 2021 var det 1280 og i 2022 var det 1870 fleire slike dødsfall enn venta. Dette svarar til 16 % (2021) og 26 % (2022) fleire ikkje-covid-19-dødsfall som følge av hjarte- og karsjukdommar enn venta.
For lungesjukdommar og demens var det færre dødsfall enn venta, men elles var det overdødelegheit for eit breitt spekter av dødsårsaker. For kreft var det 380 fleire dødsfall (2,3 % aldersstandardisert, altså justert for alderssamansetninga i befolkninga) enn venta i 2022.
Raknes seier at resultata igjen syner at ein må sjå på meir enn registrerte covid-19-dødsfall for å vurdere konsekvensane av pandemien.
– Det er sannsynleg at pasientar med annan underliggande sjukdom kan ha blitt så svekka etter gjennomgått covid-19 at risikoen for forverring og død av grunntilstanden har auka.
Kan vere vanskeleg å bestemme den underliggande dødsårsaka
Auken i både covid-19-dødsfall og overdødelegheit av andre årsaker har vore ganske parallell sidan siste halvår av 2021. Dette er samstundes som ein opna opp samfunnet, og at det vart mindre vanleg å teste seg. Det kan derfor vere mange covid-19-dødsfall som har gått under radaren.
– Det er viktig å ikkje trekke for bastante konklusjonar. Resultata er basert på avgrensa opplysningar frå mottekne dødsattestar, og dei fleste som dør er eldre med mange sjukdommar slik at det kan vere vanskeleg å bestemme den under liggande dødsårsaka, avslutter Raknes.