Oslo verst på transportstøy i Norden
Forskningsfunn
|Publisert
Helsetapet som følgje av støy frå vegtrafikk og jernbane er høgare i Oslo enn både i Stockholm, Helsingfors og København. Det viser ein samanliknande studie av helsetap som følgje av transportstøy i hovudstadene i Norden. Forskarane bak studien finn også at helsetapet av støy er større eller i same storleiksorden som helsetapet som følgje av svevestøv.
Artikkelen i fulltekst: Burden of disease due to transportation noise in the Nordic countries
Målet med studien var å estimere sjukdomsbyrda (Burden of disease) grunna vegtrafikk- og jernbanestøy i fire nordiske land og hovudstadene deira. Sjukdomsbyrda vart kartlagd i form av helsetapsjusterte leveår, såkalla DALY (Disability-Adjusted Life Years). Dette er ein indikator som inkluderer både tapte leveår og leveår med helsetap, og gjer det mogleg å samanlikne data på tvers av land.
Meir om sjukdomsbyrde
— Det er veldokumentert at støy frå transport kan forstyrre kommunikasjon, konsentrasjon, kvile og søvn og bidra til at folk kjenner seg plaga av støyen. Forsking har også vist at risiko for hjarteinfarkt, slag og diabetes aukar når ein blir utsett for trafikkstøy over lang tid, seier seniorforskar Gunn Marit Aasvang ved FHI.
— Når vi bereknar sjukdomsbyrda frå transportstøy, inkluderer vi berre dei helsetapa der det ligg føre eit godt kunnskapsgrunnlag, og desse blir summerte i form av helsetapsjusterte leveår. Når vi har data på kor mange menneske som er utsette for ulike nivå av støy, kan vi berekne helsetapet basert på kunnskap om samanhengar mellom støynivå og risiko for helsetap, forklarer Aasvang.
— Studien vår viste at transportstøy bidreg vesentleg til sjukdomsbyrda i dei nordiske hovudstadene, mellom 300-500 helsetapsjusterte leveår (DALY/100 000) for vegtrafikkstøy og 40-150 helsetapsjusterte leveår (DALY/100 000) for jernbanestøy, seier Aasvang.
Høgaste i Oslo, lågaste i Stockholm
For både vegtrafikk- og jernbanestøy vart den høgaste sjukdomsbyrda funne i Oslo, og den lågaste i Stockholm.
Årsaka til forskjellane er ein kombinasjon av ulik eksponering for støy i dei nordiske hovudstadene og forskjellar i førekomst av hjarte-karsjukdom, slag og diabetes.
— Vi kan ikkje sjå bort frå at noko av forskjellane også kjem av metodiske forskjellar i støykartlegging mellom dei nordiske hovudstadene. Vi har lagt til grunn same risiko for helsetap ved eit gitt støynivå, som er resultat av samanlikna forsking, der også resultat frå dei nordiske landa er inkluderte, seier Aasvang.
Studien baserer seg på samanliknbare støykartleggingar i dei nordiske landa som må rapporterast til EU kvart femte år. Forskarane brukte data frå støykartlegginga frå 2017, som var den siste tilgjengelege kartlegginga då berekningane vart gjennomførte.
Trafikkstøy versus svevestøv
Forskarane samanlikna også helsetapsjusterte leveår mellom trafikkstøy og svevestøv, begge er viktige miljørisikofaktorar, særleg i byar og større tettstader.
Sjukdomsbyrda som følgje av støy er i same storleiksorden som for svevestøv når vi berre inkluderer sjukdommar som blir vurderte i det internasjonale sjukdomsbyrdeprosjektet (Global Burden of Disease; GBD), som t.d. hjarteinfarkt, slag og diabetes.
— Det er verd å merka seg at WHO reknar både sterk støyplage og sterk grad av søvnforstyrringar som følgje av støy som helsetap som bør førebyggjast (WHO, 2018). Viss desse helsetapa blir inkluderte i berekningane for Oslo, vil helsetapet av støy vera vesentleg høgare enn helsetapet av luftforureining, seier Aasvang.
— For å få eit betre grunnlag for samanlikning bør miljøstøy inkluderast i det internasjonale sjukdomsbyrdeprosjektet. Det vil gi meir samanliknbare data på helsetap frå to av dei viktigaste miljørisikofaktorane i Noreg, støy og luftforureining. Betre eksponeringsdata og overvaking av helsetap som følgje av miljøfaktorar bør også ønskjast, avsluttar Gunn Marit Aasvang.