Nye tiltak må til for å få ned overdosedødsfall
Forskningsfunn
|Publisert
Forebyggingstiltak som har redusert overdosedødsfall bør halde fram, men viss ein ønskjer ytterlegare reduksjon må nye tiltak utviklast og tilpassas nye grupper som er i fare for overdose. Det er konklusjonen i ein studie frå Folkehelseinstituttet.
I Noreg steig talet på overdosedødsfall som følgje av narkotikabruk frå 1970-talet til 2001, deretter sokk det med ein tredel til 2005. Sidan har det vore ca. 280 døde årleg.
– Nedgangen frå 2001 til 2005 kjem truleg av etableringa av legemiddelassistert rehabilitering (LAR) i 1998 med seinare utvidingar. Noreg har sett inn fleire andre førebyggjande tiltak dei siste 20 åra. Desse tiltaka har antakeleg bidradd til at dødsfalla ikkje har auka, slik dei har gjort i fleire andre land. Men dei har ikkje vore så effektive at dei har hjelpt alle, seier Ellen Amundsen, seniorforskar ved FHI.
Ei meir samansett gruppe har farefylt bruk av heroin eller legemiddel med opioider
Amundsen fortel at heroin var den vanlegaste underliggjande årsaka til overdosedød før 2016. Tiltak som til dømes utdeling av naloxone nasespray til brukarar av heroin skulle redde liv direkte, medan etablering av førebyggingsnettverk i dei hardast ramma kommunane, var i tillegg utvikla for å betre livssituasjonen for den marginaliserte gatepopulasjonen av narkotikabrukarar.
Andelen døydde med opioid-legemiddel som vanlegaste dødsårsak har auka jamt, og vart størst frå 2016. Ein studie frå 2022 har vist at dei som døydde av heroin skilde seg noe frå dei som døydde av legemiddel med opioider. Andelen kvinner som døydde av opioider var høgare enn andelen kvinner som døydde av heroin. Det same gjaldt personar over 50 år, personar med uførepensjon og med høgare gjennomsnittsinntekt. Også blant personar med ryggproblem, ulykker og skadar var det ein større del som døydde av opioider.
– I Noreg har vi dei siste åra fått ei endå meir samansett gruppe av menneske med farefylt bruk av narkotika eller legemiddel med opioider. Førebyggingstiltak som har vist effekt overfor undergrupper bør halde fram. Men nye grupper med til dømes risikofylt legemiddelforbruk med opioider blir ikkje nådde av dei etablerte tiltaka. Derfor må nye tiltak bli utvikla, seier Amundsen.
Referanse
Amundsen EJ, Melsom A-KM, Eriksen BO, Løchen M-L. No decline in drug overdose deaths in Norway: An ecological approach to understanding at-risk groups and the impact of interventions. Nordic Studies on Alcohol and Drugs. 2023;0(0). doi:10.1177/14550725231195413