Korleis blir arbeidslivet og inntekta til foreldre av born med funksjonsnedsetting påverka?
Forskningsfunn
|Publisert
Å vera foreldre til born med funksjonsnedsettingar kan påverka familielivet på ulike måtar både på kort og lengre sikt. I 2022 såg ei gruppe forskarar nærare på korleis inntekt og sysselsetting vart påverka for denne gruppa. Resultata viste at mødrer vart i større grad ramma negativt i arbeidsliv og inntekt enn fedrar. Til meir alvorleg barnet sin tilstand var, til meir sannsynleg var det at mor jobba mindre og hadde nedsett inntekt.
Artikkelen Impact of child disability on parental employment and labour income: a quasi-experimental study of parents of children with disabilities in Norway publisert i det britiske tidsskriftet BMJ Public Health. Artikkelen er utarbeida samarbeid mellom Oslo Met og FHI.
Om studien og datagrunnlaget
Den omfattande differanse i forskjellar-studien såg på data frå over 273 000 foreldre til born fødd mellom 2004 og 2011. Dette inkluderte informasjon om foreldre sin arbeidssituasjon og inntekt frå fire år før fødsel til 10 år etter fødsel både til foreldre av born med og utan nedsett funksjonsevne. Denne informasjonen vart trekt ut frå Statistisk sentralbyrå sine (SSB) registerdata.
Studien tok utgangspunkt i seks hypotesar som undersøkte om foreldre til born med funksjonsnedsettingar hadde lågare sjanse for å være i jobb, lågare sjanse for å vera i fulltidsstilling, hadde lågare inntekt, om mødrer var hardare ramma av negative konsekvens enn fedrar, om effektane var tydlegare til foreldre til born med meir alvorlege funksjonsnedsettingar og om dei negative konsekvensane var meir framtredande for foreldre til born under skulealder.
Arbeidsdeltaking
Mødrer til born med funksjonsnedsettingar hadde i signifikant grad redusert arbeidsstilling samanlikna med mødrer til born utan funksjonsnedsettingar. Skilnadane auka proporsjonalt med kor alvorleg ramma borna var. Av dei fire gradene av funksjonsnedsetting var grad fire den mest alvorlege. For mødrer av denne gruppa var skilnaden 12 prosentpoeng året etter fødsel og 10 prosentpoeng 10 år etter fødsel. For mødre av born med nivå 1 funksjonsnedsetting var tilsvarande tal 4 prosentpoeng 10 år etter fødsel. Denne skilnaden held fram når borna kom i skulealder.
For fedrar såg ein ikkje skilnader for arbeidsdeltaking mellom fedrar til born med funksjonsnedsetting og fedrar av born utan slike nedsettingar.
Arbeidstid
Når forskarane såg på kor mange timar mødrer av born med alvorlege funksjonsnedsettingar arbeidde opp mot mødrer til funksjonsfriske born fann dei skilnader i kor mykje dei to gruppene jobba. Mødrer til born med alvorlege funksjonsnedsettingar hadde ein tendens til å skifte frå fulltid til deltidsstillingar etter fødsel. Skilnaden vart meir uttalt i takt med kor alvorleg bornet sin tilstand var. Overraskande for forskarane var det å finne at desse skilnadane auka når borna kom i skulealder.
Generelt såg ein ikkje same grad av nedsett arbeidskapasitet for fedrar til born med alvorlege funksjonsnedsettingar som for mødrene.
Inntekt
Mødrer til born med alvorlege funksjonsnedsettingar hadde signifikant lågare løn enn mødrer til funksjonsfriske born. Denne differansen auka proporsjonalt med grad av funksjonsnedsetting. Åtte år etter fødsel kunne ein sjå eit skilje på 13,7 prosent for mødrene til born med alvorlege funksjonsnedsettingar og mødrer til funksjonsfriske born. Differansen var ikkje like stor for mødrer til born med mindre omfattande funksjonsnedsettingar. Skilnaden i inntekt auka med borna sin alder.
Ein kunne ikkje sjå ein like tydeleg effekt blant fedrar til born med alvorlege funksjonsnedsettingar som til mødrene for denne gruppa. Borna sine funksjonsnedsettelsar såg ikkje ut til å påverka fedrar si inntekt i nemneverdig grad generelt, men etter ti år kunne ein sjå at fedrar til born med alvorleg grad av funksjonsnedsetting var 8,8 prosent lågare enn til fedrar av funksjonsfriske born.
Implikasjonar
Mødrer vart i større grad ramma negativt i arbeidsliv og inntekt enn fedrar. Dette tyder på at fedrar i større grad haldt fram med å jobba fulltid. Dette er i trå med tidlegare funn på området. Det som var overraskande for forskarane var at skilnadene i arbeidsdeltaking og inntekt heldt fram også etter at borna nådde skulealder. Ei forklaring på dette kan vera at alle born under skulealder, også funksjonsfriske, treng meir omsorg enn skuleborn. Skilnadene mellom foreldre til born med og utan funksjonsnedsetting før dei når skulealder er difor ikkje like store.
Funna i denne studien tyder på at sluttningstakarar og velferdsmakter bør evaluere naudsynte velferdsordningar. Dei bør spesielt sjå på ordningar til mødrer av born med alvorlege funksjonsnedsettingar.