Gratis skulefrukt viste ingen positiv effekt på skuleprestasjonar
Forskningsfunn
|Publisert
Frå 2007 til 2014 fekk elevar ved norske ungdomsskular og kombinerte barne- og ungdomsskular tilbod om gratis frukt på skulen. Motivasjonen for dette var at eit sunt kosthald ville føra til betre læring. Då forskarar ved FHI utførte undersøkingar på skuleprestasjonar kunne dei ikkje stadfeste at elevar som fekk gratis skulefrukt presterte betre på nasjonale prøvar. Tendensen i fleire av analysane var heller at skulane der elevane fekk gratis frukt hadde ei dårlegare utvikling i tiltaksperioden.
Tidlegare studiar viser at dei som et meir frukt også gjer det betre på skulen. Då norske styresmakter i 2007 innførte ordninga med gratis skulefrukt var det ungdomskular og kombinerte ungdoms- og barneskular som fekk nyte godt av dette, medan reine barneskular ikkje vart dekka av ordninga. Tiltaket skulle fremje betre kosthald, som igjen er sett på som viktig for læringsutbytte. Evalueringar av tiltaket har vist at inntaket av frukt auka med om lag 30% for elevane som fekk tilbodet. Ordninga vart avvikla i 2014. Dette gjorde det mogleg for forskarar ved FHI å undersøke elevgruppene som fekk, og dei som ikkje fekk skulefrukt med tanke på å sjå på korleis dette påverka deira skuleprestasjonar.
– Vi ville evaluere effekten av skulefrukt på skuleprestasjonar. I tillegg ville vi undersøke gruppa gutar med lågare sosioøkonomisk status som vi veit et lite frukt og presterar dårlegare på skulen, seier seniorforskar Elling Bere ved FHI.
Utviklinga blant 5.klassingar som fekk tilbod om gratis frukt vart vurdert opp mot elevar som gjekk på skular utan dette tilbodet. Skuleprestasjonar vart målt ved ferdigheitar innan matte, engelsk og lesing i nasjonale prøvar. Resultata av studien har no blitt publisert i artikkelen "The effect of free school fruit on academic performance: a nationwide quasi-experiment".
Uventa resultat
Funna viser at skuleprestasjonar i stor grad utvikla seg likt ved skular som var plikta til å gje gratis frukt og dei som ikkje hadde dette tilbodet, men med ein tendens til litt aukande forskjellar etter kor mange år elevane hadde fått gratis frukt. Desse forskjellane gjekk i motsett retning av det forskarane hadde forventa og gjaldt både gutar med låg sosioøkonomisk status og alle elevane under eitt.
På grunn av det uventa resultatet undersøkte forskarane også eksamensdata i 10.klasse. Her kunne ein ikkje direkte måle kven som hadde gått på skular med og utan gratis frukt, men kombinertskular (der størsteparten av elevane har gått på kombinertskule også på barnetrinnet) hadde, samanlikna med 8-10-klasse-skular, ei antyding til dårlegare utvikling etter kor mange år elevane hadde fått gratis frukt på barnetrinnet.
Det vart også gjort analysar av nasjonale prøvar i 8. og 9.klasse.
– Heller ikkje her var det nokon positiv effekt på skuleprestasjonar for dei som hadde fått tilbod om gratis skulefrukt, seier Bere.
Forskarane som utførde studien stilte seg spørjande til om forklaring til funna kunne handle om at innverknaden på kosthaldet av tiltaket var for liten, eller om frukt rett og slett ikkje har ein positiv påverknad på skuleprestasjonar.