Framleis låg førekomst av resistente virus i Noreg
Nyhet
|Publisert
Det er framleis låg førekomst av virus som er resistente mot legemiddel i Noreg. Bruk av førebyggande legemiddel mot hiv-infeksjon har ikkje ført til meir resistens. Dette er nokre av funna i ein ny årsrapport om resistensovervaking av virus i Noreg.
Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsidenDet er framleis låg førekomst av antiviral resistens i Noreg blant dei fleste virus som overvakast. Unntaket er hepatitt C-virus, der det er påvist mutasjonar assosiert med resistens hos ein høg del av virusa som undersøkast. Det er usikkert kva desse mutasjonane betyr i praksis.
– Vi kan anta at førekomsten av enkelte av desse mutasjonane til dels kan redusere effekten av antiviral behandling, men likevel vil dei aller fleste pasientar ha svært god effekt av behandlinga, seier fungerande avdelingsdirektør Anne-Marte Bakken Kran i FHI.
Førebyggande behandling mot hiv gir ikkje meir resistens
Rapporten inneheld eit temakapittel som omhandlar resistens mot antivirale legemiddel som brukast for å førebyggje hiv-infeksjon hos risikogrupper, såkalla pre-eksponeringsprofylakse (PrEP). I denne gjennomgangen finn vi ingen haldepunkt for at utstrekt bruk av PrEP har ført til uheldige konsekvensar med tanke på resistens.
– Dette er gode nyheiter. PrEP har vist seg som eit effektivt verktøy i arbeidet med å førebyggje hiv-infeksjon hos risikogrupper. Det er derfor viktig å dokumentere at denne bruken ikkje ser ut til å føre til redusert effekt av medikamentane som brukast i behandling av hiv-infeksjon, seier Kran.
Eit anna temakapittel tar for seg moglege konsekvensar for antiviral resistens i Noreg knytta til auka migrasjon sett i lys av den humanitære krisa i Ukraina. Førekomsten av hiv-antiviral-resistens er høg i Øst-Europa og Ukraina.
– I data sendt inn til RAVN ser vi likevel at det er låg førekomst av hiv-resistensmutasjonar hos pasientar smitta i Ukraina, seier Kran.
Eit tredje temakapittel beskriv eit nytt antiviralt legemiddel (bulevirtide) som nyleg har motteke betinga godkjenning for behandling av infeksjon med hepatitt D-virus, og drøftar den potensielle risikoen for antiviral resistens.