Hopp til innhold

Forskningsfunn

Fysisk aktivitet og sunt kosthald påverkar både psykisk og fysisk helse

Publisert

Hos personar med psykiske lidingar kan fysisk aktivitet og andre helsefremmande tiltak betre livskvaliteten og redusere symptom på depresjon, viser ein studie frå Folkehelseinstituttet.

Illustrasjonsfoto: Max Tipchii/Shutterstock
Illustrasjonsfoto: Max Tipchii/Shutterstock

Hos personar med psykiske lidingar kan fysisk aktivitet og andre helsefremmande tiltak betre livskvaliteten og redusere symptom på depresjon, viser ein studie frå Folkehelseinstituttet.


Samanlikna med den allmenne befolkninga har personar med psykiske lidingar omtrent dobbelt så stor risiko for død av alle årsaker. Tapte leveår har hovudsakleg samanheng med hjarte- og karsjukdommar, diabetes type 2, kreft og kols (kronisk obstruktiv lungesjukdom).

På oppdrag frå Kreftforeninga har forskarar ved Folkehelseinstituttet utarbeidd ei oversikt over forsking på helsefremmande tiltak hos personar som har depresjon, angstlidingar, schizofreni, bipolar liding eller andre psykiske lidingar.

Dei helsefremmande tiltaka var hovudsakleg tiltak for å fremme sunt kosthald og fysisk aktivitet. Tiltaka vart gitt som individuell behandling, gruppebehandling eller via internett. Ulike tiltak var samanlikna med ingen behandling eller ulike behandlingsmetodar.

Betre livskvalitet og betring av symptom på depresjon

Eit av hovudfunna var at helsefremmande tiltak for å førebygge kroppslege sjukdommar kanskje gir betre livskvalitet og betring av symptom på depresjon.

– Derimot har vi ikkje funne forsking som viser om helsefremmande tiltak kan redusere sjukelegheit og dødelegheit hos personar med psykiske lidingar, seier Eva Denison, seniorforskar ved Folkehelseinstituttet.

– Ei mogleg årsak til mangelen på dokumentasjon er at det trengst randomiserte kontrollerte studiar med mange deltakarar og oppfølging over mange år for å dokumentere resultat for dødelegheit og sjukelegheit, seier Denison. Vi veit at det er utfordringar knytt til gjennomføring av slike studiar, til dømes med å rekruttere og å behalde deltakarane over tid.

Eva Denison meiner at multisenterstudiar som involverer store forskingsmiljø, har størst sjanse for å  rekruttera nok deltakarar som kan følgjast opp over lang tid.

Om studien

Studien er ei oversikt over systematiske oversikter frå Folkehelseinstituttet.