Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Forskningsfunn

Tarmvirus kan medverke til cøliaki

Publisert

Brød og hvete
Kveite, rug og bygg inneheld gluten som barn og vaksne med cøliaki ikkje toler.. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Vanlege magevirus kan vere ei medverkande årsak til tarmsjukdommen cøliaki. Det viser ein studie frå Folkehelseinstituttet og sykehuset Østfold som er publisert i det britiske legetidsskriftet BMJ.



Har du funnet en feil?

Type studie: Observasjonsstudie.

Dei som har cøliaki, kan ikkje ete brød og andre matvarer med kveite, rug og bygg. Desse matvarene inneheld gluten som barn og vaksne med cøliaki får reaksjonar på.

– Studien gir haldepunkt for at enterovirus, eit vanleg magevirus, kan utløyse sjukdommen, seier seniorforskar Ketil Størdal ved Folkehelseinstituttet og overlege ved Sykehuset Østfold.

I alt deltok 220 barn mellom 9 og 15 år i studien. Dei 25 som fekk cøliaki, fekk i gjennomsnitt diagnosen då dei var 7 år.

Dei første tre leveåra blei det tatt avføringsprøve av barna kvar månad.

Studien gir haldepunkt for at enterovirus, eit vanleg magevirus, kan utløyse sjukdommen

Resultata viser at:

  • Nesten alle barna hadde enterovirus i prøvene minst éin gong. Totalt hadde 20 prosent av prøvene frå barna som seinare fekk cøliaki, enterovirus, mot 15 prosent av prøvene frå dei som ikkje fekk sjukdommen.
  • Det var berre infeksjonar som oppstod i perioden etter at barnet hadde begynt å ete mat med gluten, som var forbunde med auka risiko for cøliaki. Tarminfeksjonar før barnet starta med fast føde, ga ikkje auka risiko.
  • Langvarige eller kraftige enterovirus-infeksjonar var forbunde med dobla risiko.
  • Eit anna magevirus, adenovirus, viste ingen samanheng med cøliaki.

– Resultata tyder på at det er kombinasjonen av gluten og enterovirus-infeksjon i småbarnsalderen som aukar risikoen for cøliaki, seier Størdal.

Dette er den første kjende studien som har gjennomført hyppig innsamling og testing av avføringsprøver, noko som gjorde det mogeleg å fange opp dei fleste mage-tarminfeksjonane og berekne cøliakirisikoen på ein påliteleg måte.

Enterovirus er ei gruppe virus som dei fleste barn får i småbarnsalderen. Virusa gir ofte små sjukdomsutbrot på seinsommaren og hausten. Infeksjonen er ofte ganske uskuldig og gir ingen symptom, men nokre får symptom med laus mage eller feber. 

Andre årsaker i tillegg

Også andre studiar har vist at cøliaki kan vere forbunde med infeksjonar, men infeksjonar kan ikkje forklare heile årsaka til sjukdommen. Det kan også vere andre miljøfaktorar som har betydning, blant anna mengde gluten og antibiotikabruk tidleg i livet.

Framtidig vaksine?

– Vi ser for oss at det i framtida kan vere aktuelt å vaksinere barn mot enterovirus. Men før dette eventuelt kan skje, trengst det ein større studie som kan bekrefte resultata våre, og ein framtidig vaksine må sjølvsagt også utviklast og prøvast ut, seier Størdal.

Slik blei studien gjennomført

Forskarane kom fram til resultatet ved å følge 220 barn som alle hadde ein vevstype som er forbunde med auka risiko for cøliaki og diabetes. I befolkninga er det 40 prosent som har ein slik vevstype.

I tillegg til månadlege avføringsprøver dei tre første åra blei det tatt blodprøver med jamne mellomrom det første leveåret og seinare kvart år. Avføringsprøvene var analyserte for ulike typar virus. Blodprøvene blei analyserte for antistoff som viste om barnet hadde fått cøliaki eller var i ferd med å utvikle sjukdommen.

Ofte har dei som får cøliaki, symptom i lang tid før dei får stilt diagnosen. I denne studien var det derimot mogeleg å å finne teikn til cøliaki tidleg ved å lese svara på blodprøvene.

I Noreg er det om lag ein av hundre som får cøliaki, i tillegg er det ein del mørketal.

Referanse

Forskningsartikkel i BMJ: Enterovirus as trigger of coeliac disease: nested case-control study within prospective birth cohort. BMJ 2019; 364:1231. doi: https://doi.org/10.1136/bmj.l231 

Leiarkommentar i samme tidsskrift: Searching for the missing link in coeliac disease

Sjå også:  

Risikofaktorer for type 1 diabetes og cøliaki hos barn i Den norske mor og barn-undersøkelsen. Nettside for PAGE-studien.