Hopp til innhold

Forskningsfunn

Fleire jenter blir diagnostiserte med angstlidingar – andelen som blir behandla med medisinar er stabil

Publisert

Talet på barn og unge som fekk ein angstdiagnose for første gang, auka frå 2010 til 2015, spesielt blant jenter. Andelen som vart behandla med medisinar var stabilt låg på om lag 1 av 6. Det viser ein studie frå Folkehelseinstituttet.

Bilde av et barn
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Talet på barn og unge som fekk ein angstdiagnose for første gang, auka frå 2010 til 2015, spesielt blant jenter. Andelen som vart behandla med medisinar var stabilt låg på om lag 1 av 6. Det viser ein studie frå Folkehelseinstituttet.


I 2010 fekk 2 av 1000 jenter i alderen 3-17 år ein angstdiagnose for første gang. I 2015 hadde andelen auka til 4 av 1000. I same periode auka andelen blant gutar frå 1,5 av 1000 til 2 av 1000 (figur 1).

Tall over angst per 1000 barn

Figur 1: Talet på førstegangsdiagnosar for angst (ANX), posttraumatisk stressliding (PTSD), og tvangslidingar (OCD) per 1000 barn og unge, jenter til venstre og gutar til høgre. Statistikken gjeld perioden frå 2010 til 2015 i primærhelsetenesta (P) og spesialisthelsetenesta (S).

Helga Ask er seniorforskar ved Folkehelseinstituttet. Ho fortel at auken i talet på diagnosar er størst blant ungdom.

– Auken i angstdiagnosar blant jenter i ungdomsalderen kan ha fleire forklaringar, seier ho.

– Vi veit at mange ungdommar med angstproblem aldri søker hjelp. Auken i diagnosar kan vere ei følgje av auka kunnskap om psykisk helse, eller lågare terskel for å oppsøke lege. Ei anna forklaring kan vere at fleire får angst. Endringa kan også spegle endringar i diagnostiseringspraksisen til legar og psykologer, fortel forskaren.

I perioden 2010 til 2015 fekk totalt 19 154 barn og ungdommar (61 prosent jenter) førstegangs angstdiagnose i primærhelsetenesta, som regel hos fastlegen. I same periode fekk 17 115 barn og ungdommar (61 prosent jenter) førstegangs angstdiagnose i spesialisthelsetenesta.

Studien som viser dette vart nyleg publisert i det vitskaplege tidsskriftet European Child & Adolescent Psychiatry. Målsettinga med studien var å undersøke tidstrendar i angstdiagnosar, lidingar som førekjem samtidig med angst, og medisinering av angstlidingar blant barn og unge i Noreg.

Liten og stabil bruk av medisinar mot angst

Blant barn og unge som fekk den første angstdiagnosen sin i 2011, var det 16 prosent som fekk medikamentell behandling det følgjande året. For barn og unge som vart diagnostisert med OCD eller PTSD var tala høvesvis 24 og 11 prosent.

Tala var relativt stabile gjennom studieperioden; i 2014 fekk 18 prosent av barn og unge med førstegangs angstlidelse eller OCD medisinar. For PTSD var talet 12 prosent.

Det såg altså ikkje ut til at andelen som brukte medisinar auka over tid. I behandling av OCD såg det ut til at ein mindre andel fekk medikamentell behandling i 2014 samanlikna med 2010.

– Dei som fekk medisinar var som regel i kontakt med spesialisthelsetenesta fleire ganger i etterkant av den første diagnosen. Dei fekk ofte føreskrive medisin fleire ganger. Det tyder på at det er dei meste alvorlege tilfella som blir behandla medikamentelt, seier Ask.

Bruk av andre medisinar

Av andre typar medisinar er det sovemedisinar som er mest utbreidd; 18 prosent av barn og unge med angstlidingar, 14 prosent av dei med OCD og 21 prosent av dei med PTSD brukte det. Det kan sjå ut som bruken har auka frå 2011 til 2015. 

Andre relativt hyppig brukte medisinar er ADHD-medisin (særleg blant gutar under 13 år) og smertestillande medisin (særleg blant barn og unge med PTSD). 

Mykje av denne medisinbruken, spesielt ADHD-medisin, kan forklarast med at nokre har fleire psykiatriske diagnosar samtidig. Dersom ein ser bort frå gruppa med fleire diagnosar, brukte mindre enn 15 prosent av barn og unge med angst eller OCD medisinar. Andelen var høgare blant barn som hadde PTSD.

Har ofte fleire diagnosar samtidig

Barn og ungdommar med angstlidingar, tvangslidingar eller posttraumatisk stressliding har ofte andre psykiske problem også. Studien viste at blant ungdom som fekk den første angstdiagnosen sin i 2014, hadde rundt halvparten andre diagnosar samtidig, til dømes ADHD, depresjon, utviklingsforstyrring eller eteforstyrring. Det å ha fleire lidingar samtidig vil ofte vere knytt til å ha meir alvorlege symptom og høgare grad av funksjonsnedsetting. Det vil auke sjansen både for at familien søker hjelp, og for at barnet blir vist til spesialisthelsetenesta.

Om studien

Studien brukte nasjonale data frå 2008 til 2015 for å undersøke diagnosar og behandling i heile den norske barne- og ungdomsbefolkninga. Diagnosedata vart henta både frå primærhelsetenesta («Kontroll og utbetaling av helserefusjonar»-databasen) og spesialisthelsetenesta (Norsk Pasientregister). Frå Reseptregisteret vart det henta ut informasjon om medisinar skrive ut på resept. Studien inneheldt avidentifiserte data.

Referanse

Ask H, Handal M, Hauge LJ, Reichborn-Kjennerud T, Skurtveit S. Incidence of diagnosed pediatric anxiety disorders and use of prescription drugs: a nation-wide registry study. Eur Child Adolesc Psychiatry. 2019 Oct 22. doi: 10.1007/s00787-019-01419-0. [Epub ahead of print]

Angst er den vanlegaste psykiske lidinga blant barn og unge

Angstlidingar er den vanlegaste gruppa psykiske lidingar blant barn og unge. Dei vanlegaste enkeltdiagnosane er spesifikke fobiar, sosial fobi og separasjonsangst. Tvangslidingar (OCD) og posttraumatisk stressliding (PTSD) blir også ofte rekna som angstlidingar, og liknar på andre angstlidingar både i symptom og behandling.

Dagens kliniske retningslinjer tilrår hovudsakleg kognitiv åtferdsterapi som førsteval for behandling av angstlidingar, OCD og PTSD hos barn og unge. Medikamentell behandling skal tilbydast berre i dei tilfella der pasienten har så stor grad av funksjonssvikt at det hindrar deltaking i psykoterapi eller der psykoterapi ikkje har gitt resultat.

Fleire fakta om angst