Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Forskningsfunn

Jodmangel hos mor kan påverke skuleferdigheitene til barnet

Mange gravide har mild eller moderat jodmangel. Dette er forbunde med auka risiko for at barnet får språk- og lærevanskar, viser ny forsking frå Folkehelseinstituttet.

Den nye publikasjonen bekreftar tidlegare forsking som viser at jodmangel hos mor kan påverke barnet si språkutvikling og åtferd.

Om jod

Jod er eit næringsstoff som inngår i stoffskiftehormona. Desse blir produserte i skjoldbruskkjertelen (thyroidea) og er særleg viktige for utviklinga av hjernen i fosterlivet.

‒ Alvorleg jodmangel kan skade utviklinga til barnet. Dette har vi mykje kunnskap om. Også mild til moderat jodmangel er forbunde med dårlegare utvikling, men her har vi mindre kunnskap. Dyrestudiar og nokre få befolkningsstudiar tyder på at sjølv mild jodmangel i fosterlivet kan gi endringar i hjernen og nedsett kognitiv funksjonsevne hos barnet, til dømes lågare IQ og dårlegare skrive- og leseferdigheiter, seier seniorforskar Anne Lise Brantsæter ved Folkehelseinstituttet.

Språk og læring påverkast

Forskarar ved Folkehelseinstituttet har lenge arbeidd med å undersøke kva jodinntaket i svangerskapet betyr for mødrene sine stoffskiftehormon og utviklinga til barna.

No har forskargruppa publisert fleire artiklar med nye resultat. Dei viser at det er auka risiko for at barn i åtteårsalderen har språk- og læringsproblem og får spesialundervisning dersom mødrene hadde lågt jodinntak i svangerskapet.

‒ Vi ser at risikoen begynner å auke når inntaket går under 150 mikrogram jod per dag, som er noko lågare enn det som er anbefalt inntak for gravide, seier Brantsæter.

I Den norske mor og barn-undersøkinga (MoBa) hadde 69 prosent av mødrene eit jodinntak som var lågare enn 150 mikrogram per dag. Det viser berekningar av kosthaldet.

‒ Det er viktig å understreke at vi ikkje ser nokon stor auke i risikoen for språk- og lærevanskar, men resultata er likevel alvorlege fordi det gjeld mange barn, påpeiker Brantsæter.

To tidlegare publikasjonar frå forskargruppa antyder at mild til moderat jodmangel hos mor kan påverke utviklinga av hjernen til barnet på ein uheldig måte. Resultata viste samanheng mellom lågt jodinntak og auka risiko for at treåringane hadde forseinka språkutvikling, åtferdsproblem og redusert finmotorikk. I tillegg vart det vist samanheng med auka risiko for at barnet har meir ADHD-symptom i åtteårsalderen.

‒ Lågt jodinntak og påfølgjande endringar i produksjonen av stoffskiftehormon under graviditeten kan bidra til å forklare kvifor hjernen til fosteret og barnet si utvikling blir påverka, forklarer Brantsæter.

Ho viser til ei studie frå forskargruppa som viser at lågt jodinntak kan påverke produksjonen av kvinnene sine stoffskiftehormon i svangerskapet.

Viktig å førebygge jodmangel før graviditet

Resultata frå forskargruppa tyder på at førebygging av jodmangel bør starte tidleg, slik at kvinner har bra jodstatus i god tid før det er aktuelt å få barn.

‒ Det kan vere for seint å starte med jodtilskot i starten av svangerskapet. Forskingsresultata våre tyder på at det å starte med jodtilskot etter at ein har blitt gravid, ikkje har beskyttande effekt. For å sikre at alle barn får eit best mogleg utgangspunkt i livet, er det viktig å førebygge jodmangel hos alle kvinner i fruktbar alder, understrekar Brantsæter.

Fleire nyare studiar viser at fleirtalet av unge kvinner, gravide og ammande i Noreg har mild til moderat jodmangel.

‒ Det er viktig å auke kunnskapen om jod blant helsepersonell og i befolkninga. Då er det lettare å identifisere kven som er i risikogruppa for å få for lite jod, og kva for tiltak som trengst for å sikre tilstrekkeleg inntak, meiner Brantsæter.

Helsedirektoratet har nyleg lansert anbefaling om bruk av kosttilskott med jod til alle som er utsette for å få for lite jod frå kosten. Melk, yoghurt og kvit saltvannsfisk er dei viktigaste kjeldene til jod. Dei som et lite slik fisk og drikk lite mjølk, treng tilskot.

Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM) arbeider med ei utgreiing om korleis vi kan auke jodinntaket i Noreg ved å auka jodtilsettinga i jodberika salt. Bordsalt som er tilsett jod, inneheld i dag så lite jod at det ikkje har noko særleg praktisk betyding.

Metode

Resultata frå forskingsprosjektet om jod, utviklinga til barna og mødrene sine stoffskiftehormon er publiserte i fire artiklar frå Den norske mor og barn-undersøkinga. Resultata bygger hovudsakleg på informasjon frå spørjeskjema som mødrene har svart på, men forskarane har også analysert blod- og urinprøvar frå eit utval av dei gravide. Ved åtte års alder var det tilgjengeleg informasjon frå om lag 40 000 mor-barn-par, mens talet ved tre års alder var rundt 50 000. Hos om lag 3000 gravide målte forskarane også jodkonsentrasjonen i urin og mengda stoffskiftehormon i plasma.

Forskarane har brukt opplysingar frå spørjeskjema som foreldra fylte ut gjennom barna sin oppvekst. Då barna var åtte år, blei det stilt ei rekke spørsmål om språk-, lese- og skriveferdigheiter, om korleis barnet hadde skåra i kartleggingsprøvar i lesing og matematikk, og om barnet fekk spesialundervisning.

Referansar

Om forskargruppa    

Studiane er gjort av forskarar ved Folkehelseinstituttet i samarbeid med forskarar ved OsloMet – Storbyuniversitetet. Studien som undersøkte mor sine stoffskiftehormon inkluderte også forskarar frå Erasmus Medical Center i Nederland og National Institute for Health and Welfare i Finland.

Prosjektet er delfinansiert av TINE SA og Forskningsrådet.

Dei publiserte forskingsartiklane inngår i førsteforfattar Marianne H. Abel sin doktorgrad. I prosjektperioden var ho nærings-ph.d., der ho var tilsett i TINE (25 prosent stilling) og student ved OsloMet – Storbyuniversitetet. Arbeidet med doktorgraden blei utført ved Folkehelseinstituttet.

Sisteforfattar Anne Lise Brantsæter er leiar for prosjektet og hovudansvarleg for fagleg innhald i doktorgradsarbeidet.