Hopp til innhold

Fakta om viruset og sjukdommen (covid-

Publisert Oppdatert

Koronaviruset SARS-Cov-2 vart oppdaga i januar 2020. Her finn du kunnskap om viruset og koronavirusjukdom (covid-19).

Foto: CDC, Alissa Eckert
Foto: CDC, Alissa Eckert

Koronaviruset SARS-Cov-2 vart oppdaga i januar 2020. Her finn du kunnskap om viruset og koronavirusjukdom (covid-19).


Informasjon for befolkningen

Du finner informasjon og konkrete råd om koronaviruset på disse sidene og helsenorge.no 

Dersom du ikke finner svar på det du lurer på, kan du ringe informasjonstelefonen på 815 55 015 som har åpent hverdager 08-15.30.

Har du spørsmål om appen Smittestopp, ring Helsenorge på 23 32 70 00.

Har du behov for akutt helsehjelp, ring fastlegen din. Hvis du ikke kommer i kontakt med fastlegen, ring legevakten på 116117. Ved fare for liv og helse, ring 113.

Om viruset

Det nye koronaviruset SARS-CoV-2 er eit tidlegare ukjent virus, men har visse genetiske likskapar med SARS-viruset (Severe Acute Respiratory Syndrome), som også tilhøyrer koronavirusfamilien. Viruset som forårsakar MERS (Middle East Respiratory Syndrome) er eit anna koronavirus. 

Koronavirusfamilien omfattar mange ulike virus som kan gi luftvegsinfeksjon. Mange koronavirus gir berre forkjøling, medan andre kan gi meir alvorleg sjukdom og i nokre tilfelle forårsake dødsfall.

Koronavirus finst òg hos dyr. I sjeldne tilfelle kan slike koronavirus utvikle seg slik at dei kan smitte frå dyr til menneske og mellom menneske, slik ein såg under SARS-epidemien i 2002. Då kom smitten truleg frå flaggermus via sivettkattar og andre dyr. Dromedarar og kamelar er smittekjelde for sjukdommen MERS som vart oppdaga i 2012.

Det nye koronaviruset kjem truleg frå flaggermus og har smitta til menneske i slutten av 2019, enten direkte eller via eit anna dyr, sjølv om dette ikkje er endeleg fastslått. 

Det er ikkje sikkert kor lenge viruset som forårsakar covid-19, overlever på overflater, men det ser ut til å oppføre seg liknande som andre koronavirus. Forsking tyder på at koronavirus (inkludert førebels informasjon om det nye koronaviruset) kan overleve på overflater frå få timar til fleire dagar. Dette vil variere med type overflate, temperatur, sollys og luftfukt.

Smittemåte

Vi skil mellom luftsmitte og dråpe- og kontaktsmitte.

Smittemåten for koronavirus er hovudsakleg drope- og kontaktsmitte som for andre koronavirus, men ein har òg påvist viruset i avføring (feces). 

Koronavirus smittar på same måte som forkjøling og influensa. Virus kan då overførast frå luftvegane hos ein som er sjuk, til ein annan person på tre måtar:

  • Gjennom lufta. Den sjuke nys eller hostar. Personar som står i nærleiken, pustar inn viruset, eller viruset kjem i kontakt med slimhinner i auge, nase eller munn.
  • Ved direkte kontakt. Den sjuke har fått viruset på hendene og overfører det ved kontakt med andre. Neste person fører viruset frå hendene sine til slimhinner i auge, nase eller munn.
  • Ved indirekte kontakt. Dette skjer når viruset har vorte overført til inventar, gjenstandar eller kontaktflater (til dømes dørhandtak, tastatur, telefon og liknande) gjennom nys/host, eller ved at den sjuke eller andre har hatt viruset på hendene og andre kjem i kontakt med gjenstanden/flata.

Ei kunnskapsoppsummering frå Folkehelseinstituttet viser at koronavirus-smitte i hovudsak kan sporast tilbake til direkte eller indirekte fysisk kontakt. For sikkerheits skuld må likevel helsepersonell beskytte seg mot luftsmitte når dei brukar aerosolgenererende prosedyrar på sjukehus. 

Kunnskapsoversikta inkluderer 3 oppsummeringar og 14 primærstudiar. Ei svakheit ved oversikta er at berre 4 studiar gjeld smitte med SARS-CoV-2, og tre av dei er små med respektivt 1, 11 og 36 kasus. Det kan likevel oppsummerast at det per i dag ikkje finst grunnlag for å hevde at luftsmitte er ein sentral smittemåte for covid-19.

Smitte frå mat, vatn og dyr

Det er ingen kjente tilfelle av smitte frå  norskprodusert eller importert mat, eller frå vatn og dyr. Ut frå dagens kunnskap om koronavirus er det lite sannsynleg at smitte kan overførast frå mat og vatn. Det er heller ikkje dokumentert at den pågåande smitten med koronavirus blir overført mellom dyr og menneske. Personar som er i isolasjon eller i karantene, kan derfor vere saman med kjæledyra sine.

Når det gjeld bassengbad og bading, vil klorinnhaldet i bassengvatnet inaktivere bådekoronavirus og andre virus. Nærkontakt i forbindelse med bading kan imidlertid forårsake spreiing på lik linje med annan nærkontakt. Fra 12. mars 2020 er svømmehallar, badeland og liknande stengt for å hindre spreiing av koronavirus. Stengingen er vedtatt gjennom forskrift. 

Kor smittsamt er koronaviruset? 

Berekningar som er gjort i Kina, anslår at éin person som er smitta med koronavirus, i gjennomsnitt smittar 2–3 andre. Til samanlikning vil ein person med influensa smitte 1-2 personar. Utrekningane for koronavirus-smitte er på noverande tidspunkt svært usikre. Sannsynlegvis vil «smittetalet» vere lågare enn 2-3 i Noreg, fordi folk ikkje bur like tett her som i Kina, og fordi vi tidleg sette i verk tiltak for å minske smitte.

Inkubasjonstid

Ifølgje WHO er inkubasjonstida anslått til 5-6 dagar, men ho kan variere frå 0-14 dagar. Inkubasjonstida er tida frå ein er smitta til sjukdommen gir symptom

Symptom og sjukdom

Det nye koronaviruset fører til luftvegsinfeksjon og kan gi alt frå milde symptom til alvorleg sjukdom og i sjeldne tilfelle dødsfall. 

Nokre personar kan ha covid-19 utan å utvikle symptom. Dette gjeld særleg barn og yngre vaksne. Det er uklart i kva grad personar utan symptom kan spreie sjukdommen.

Dei som blir sjuke, får vanlegvis først symptom frå øvre luftvegar (vondt i halsen, forkjøling, lett hoste), i tillegg til sjukdomskjensle og muskelsmerter. Magesmerter førekjem, i enkelte tilfeller diaré. Nedsett smak- og luktesans har vore rapportert frå fleire land.

Sjukdomsforløpet kan variere mykje frå person til person. Førebels ser det ut til at dei typiske forløpa er:

  • Mildt forløp. Dette gjeld dei fleste sjuke, om lag åtte av ti. Symptoma går over i løpet av ein til to veker. Desse personane har sjeldan behov for behandling frå helsevesenet.
  • Moderat forløp: Etter 4-7 dagar med milde symptom får nokre lungebetennelse med tung pust, forverring av hoste og stigande feber. Ein del har behov for å bli innlagt på sjukehus. Røntgenundersøking av lungene kan vise forandringar som tyder på virus-lungebetennelse (lungeinfiltrat).
  • Alvorleg forløp: Symptoma er dei same som ved moderat forløp, men desse personane har i tillegg behov for intensivbehandling. Symptoma kan vare i 3-6 veker. Dødsfall førekjem blant nokre av dei som blir alvorleg sjuke.

Informasjon om kva som er risikofaktorar for å få alvorleg i staden for mild sjukdom, er førebels avgrensa. Innlegging på sjukehus, intensivbehandling og dødsfall er vanlegare hos eldre og personar med underliggande sjukdommar, og særleg hos dei som både er eldre og har underliggande sjukdom. Imidlertid kandødsfall også oppstå hos personar utan kjente risikofaktorar.

Det finst inga spesifikk behandling eller vaksine mot sjukdommen.

Testing

Om artikkelen / endringshistorikk

Innhold på denne siden

Fakta

Koronavirus

SARS-CoV-2 er viruset som forårsaker utbruddet av sykdommen covid-19.

Viruset er i slekt med et annet koronavirus som var årsaken til utbruddet av SARS-epidemien i 2002/2003, men er ikke det samme viruset.