Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Artikkel

Russ og alkohol

For mange heng russefeiring og alkohol nøye saman. Men nokre av drikkemønstra det blir oppfordra til, kan vere direkte livsfarlege - særleg for jenter. Det er elles gjort lite forsking på kva for følgje rusmiddelbruken under feiringa kan ha.

Colourbox.com
Colourbox.com

Hopp til innhold

Giftinformasjonen ved Folkehelseinstituttet har undersøkt nokre av russen sine knutereglar. Fleire av reglane handlar om å drikke ei viss mengd alkohol på tid og kan gi dødeleg promille.

- Å styrtdrikke store mengder alkohol er svært farleg. Det er ekstra farleg å drikke på tom mage fordi alkoholen då går fortare over i blodet. Du må varsle medisinsk personell viss du ser nokon som blir dårleg, seier Liv Ingrid Flø Beck, seniorrådgivar på Giftinformasjonen ved Folkehelseinstituttet.

Forskjell på gutar og jenter

Jenter vil som regel få høgare promille enn gutar dersom dei drikk same mengd alkohol. Ein av grunnane til dette er at alkohol fordelar seg i vasshaldig kroppsvev som for eksempel muskelvev. Sidan gutar ofte har meir musklar og større kropp enn jenter, har alkoholen meir vatn å fordele seg i. Hos jenter fordeler alkoholen seg i rundt 50-70 prosent av kroppsvekta, hos gutar rundt 60-80 prosent.

Kva skjer når promillen stig?

1 promille er det samme som 1 gram alkohol per kilo blod. Som tommelfingerregel vil promillen gi desse verknadene, men det kan vere store variasjonar frå person til person: 

  • Omkring 0,5 promille: Ein kjenner seg lett påverka. 
  • Mellom 0,5 og 1 promille: Ein blir meir kritikklaus og risikovillig. 
  • Over 1 promille: Balansen blir dårlegare, talen snøvlete og kontroll med rørsler blir forverra. Ein blir trøtt og sløv og kan bli kvalm. 
  • Over 1,5 promille: Dei fleste får problem med å hugse. Problema med å hugse aukar med stigande promille. 
  • Svært høg promille: Medvitet blir nedsett og ein kan bli medvitslaus. Pustesenteret i hjernen kan bli hemma. Oppkast er vanleg. Promille over 3 kan vere dødeleg. Risiko for død aukar sterkt også ved promille lågare enn 3, viss ein samtidig har brukt f. eks middel som roar ned, sovemiddel, smertestillande middel eller middel mot epilepsi.

Generelt

  • Når promillen stig, klarer du ikkje ta vare på deg sjølv på same måte som når du er edru. Du blir meir utsett for skader og ulykker, både i trafikken og elles.
  • Dersom du søv tungt med høg promille, kan du kaste opp i søvne utan å merke det. Dersom oppkastet kjem over i lungene, kan du bli kvalt. Sjå også: Fakta om virkningene av alkohol på sentralnervesystemet og kroppen forøvrig.

Giftinformasjonen  har rekna ut om lag kor høg promille ei jente på 50 kg og ein gut på 75 kg vil få viss dei følgjer knutereglar for drikking av øl og vin på tid.

Dette er teoretiske verdiar, og det kan vere stor forskjell på symptom hos personar med same promille. Ved ei alkoholforgiftning vil det alltid vere symptoma som er avgjerande for kva slags behandling som er nødvendig.

Ta vare på kvarandre

– Kva bør ein gjere dersom ein medruss blir dårleg?

– Kontakt helsepersonell. Legevakt har telefonnummer 116 117 over heile landet. Ambulanse når du på telefon 113. Pass på medrussen til hjelpa kjem. Dersom personen søv eller er bevisstlaus, sørg for stabilt sideleie for å unngå at eventuelt oppkast kjem ned i luftvegane, seier Beck. 

Eksempel på promille

Eksempel: Ei kasse øl drukke på 24 timar

Viss inntaket av 24 flasker øl på 0, 33 l blir fordelt jamt over 24 timar, dvs. ei flaske øl i timen, vil ”promillereknestykket” sjå slik ut:

Jente på 50 kg:

Ho får i seg til saman 24 x 12 g = 288 g alkohol.
Ho fordeler alkoholen i 50 kg x 60 % av kroppsvekta = 30 kg.
Forbrenninga av alkohol i kroppen er 0,15 ‰ per time. Alkoholkonsentrasjonen i blodet etter 24 timar blir då 288 g /30 kg – (0,15 x 24) = 6 i promille ifølge utrekninga. Ei jente med lågare forbrenning og anna fordeling av alkoholen i kroppen kan teoretisk få promille opp mot 9.

Gut på 75 kg:

Han får i seg til saman 24 x 12 g = 288 g alkohol.
Han fordeler alkoholen i 75 kg x 70 % av kroppsvekta = 52,5 kg.
Forbrenning av alkohol i kroppen er 0,15 ‰ per time.
Alkoholkonsentrasjonen i blodet etter 24 timar blir då 288 g /52,5 kg – (0,15 x 24) = 1,9 promille. For ein gut med lågare forbrenning og anna fordeling av alkoholen i kroppen kan promillen etter utrekninga kome promille opp mot 4,0. 

Styrtdrikking

Erfaringsmessig vil drikkemønsteret til mange sjå annleis ut enn det som er beskrive ovanfor (ei 0,33 l flaske per time). Særleg på byrjinga av festen vil mange drikke hyppigare – og nokon vil ”styrte øl”.

- Styrtdrikking fører til høg promille på kort tid og kan vere svært farleg. Du klarer heller ikkje å kontrollere inntaket på same måte som når du drikk alkohol over tid, då kan du avgrense/avslutte drikkinga dersom du kjenner uønska verknader, seier Liv Ingrid Flø Beck.

Eksempel: ei kasse øl på 4 timar

Jente på 50 kg drikk ei kasse øl på 4 timar:

Den høgaste alkoholkonsentrasjonen i blodet vil gjerne bli oppnådd etter 5-6 timar og blir då ifølge utrekninga nesten 9 promille. Ei jente med lågare forbrenning og anna fordeling av alkoholen i kroppen kan teoretisk få promille opp mot 11.

Jenta vil mest sannsynleg kaste opp, sovne eller bli bevisstlaus før ho klarar å drikke seg opp til ein slik høg promille.

Gut på 75 kg drikk ei kasse øl på 4 timar:

Den høgaste alkoholkonsentrasjonen i blodet vil gjerne bli oppnådd etter 5-6 timar og blir då ca. 4,5 promille. Ein gut med lågare forbrenning og anna fordeling av alkoholen i kroppen kan etter utrekninga få promille opp mot 6.

Eksempel: ei flaske vin på 40 minutt

Ei flaske vin (10 % alkohol) inneheld 75 gram alkohol.

Jente på 50 kg drikk ei flaske vin på 40 minutt:

Ho fordeler alkoholen i 50 kg x 60 % = 30 kg av kroppsvekta. Forbrenning av alkohol i kroppen er 0,15 ‰ pr time. Etter eit slikt inntak vil den høgaste alkoholkonsentrasjonen i blodet gjerne bli oppnådd etter 1,5 timar og blir då 75 g /30 kg – (0,15 x 1.5) = 2,3 promille. Ei jente med lågare forbrenning og anna fordeling av alkoholen i kroppen kan etter utrekninga få nesten 3 i promille.

Gut på 75 kg drikk ei flaske vin på 40 minutt:

Viss ein gut på 75 kg drikk same mengd vin på same tid, vil han få ca. 1,2 promille etter 1,5 timar. Ein gut med lågare forbrenning og anna fordeling av alkoholen i kroppen kan etter utrekninga få rundt 1,5 i promille.

Eksempla over er gjennomgått og oppdatert 21.4.2017 av Giftinformasjonen (Avdeling for akutte forgiftninger) ved Folkehelseinstituttet. 

Kva veit vi om russ og rus?

Russefeiringa har lange tradisjonar i Noreg, og mange bekymrar seg for kva for følgje rusmiddelbruken under feiringa kan ha. Det er hittil gjort lite forsking på dette.

Temaet russ og rus er populært stoff i mediene. Sidan millenniumskiftet har det i gjennomsnitt vore meir enn 1000 mediesaker om alkohol og russ per år, og talet har vore aukande gjennom perioden. Dei fleste mediesakene er typiske – og naturleg nok – konsentrert i perioden rundt russefeiringa, altså i månadene april og mai. Trass i stor interesse frå mediene og bekymring frå mange hald om kva fylla i russetida kan føre til, er det – kanskje overraskande – lite forsking på temaet. I teksten under gjer vi rede for den sparsame forskinga som finst på feltet.

Ein særnorsk tradisjon

Russefeiring er ein tradisjon som stammar frå 1800-talet da nye studentar ved Universitetet i Oslo feira med drikking i gatene. Ved unionsoppløysinga i 1905 blei feiringa av nasjonaldagen og feiringa av avslutta gymnasutdanning kopla saman. Eliteungdom i Oslo protesterte mot bygdefolk og avhaldsrørsla ved å drikke offentleg i sentrumsgatene under 17. maifeiringa (1). Seinare er russefeiringa blitt langt meir utbreidd, og dei fleste som avsluttar vidaregåande skole, deltar. Kvart årskull russ kopierer ungdommane året før og utviklar tradisjonen med eigne teikn og kodar (1).

At ungdom feirar avslutninga av mange års skolegang med fleire dagars festing og fyll, synast å hende i mange land, og denne feiringa utgjer ei spesiell anledning med mykje alkohol- og anna rusmiddelbruk (2, 3). Tradisjonen med russefeiring og følgeleg også omgrepet, synast likevel å vere tilnærma særnorsk (4). Vi finn det norske omgrepet russefeiring i fleire engelskspråklege publikasjonar om fyll og overgangsritar (2, 5) samt i boka «They do what? A cultural encyclopedia of extraordinary and exotic customs» (6), som tilseier at det ikkje finst eit tilsvarande omgrep og truleg heller ikkje eit tilsvarande fenomen i engelskspråklege, og kanskje heller ikkje så mange andre land. Rett nok er det i Danmark også fest og fyll knytte til avslutninga av lengre tids skolegang. I følgje Demant og Østergaard (7), er det ei mindre omfattande, og mindre ritualisert, førebudd og organisert feiring, og ho er i mindre grad sentrert rundt fyll, samanlikna med den norske russefeiringa.

Rusen som sentralt element i feiringa

Den norske antropologen Allan Sande har studert rusen si betydning i *russefeiringa, og skriv blant anna at «Russefeiringa har teke form av eit idrettsstemne i rusmiddelbruk der målsettinga er å bli mest mogleg dauddrukken [...].» (1). Sosiologen Eivind Grip Fjær har òg belyst betydninga av fylla i russetida, og fann at det å drikka seg rusa, er ikkje berre noko som blir tillate og unnskuldt, det blir òg forventa. Dei som ikkje lever opp til desse forventingane, møter negative reaksjonar (8). Tilsvarande funn er òg gjort i ein studie av Corsaro og Johannesen (9). Nokre russ er med på russebuss, og desse bussane fungerer som eit mobilt partylokale og ein base for fyll i dagevis (10). Få studiar har belyst omfanget av alkohol-/rusmiddelbruk under sjølve russefeiringa. Ei spørreundersøking blant 3. klasseelevar på vidaregåande (gjennomførd av TNS-Gallup for Forbundet mot Rusgift i 2008) viste at dei fleste meinte at alkohol var ein viktig del av feiringa, og tre av fire (76%) sa seg samd i påstanden om at «Russefeiringa er fyll og fest døgnet rundt.» Eit stort fleirtal (80%) sa dei trudde dei ville drikke meir i russetida enn elles, og 70% svara at foreldra deira ville akseptera at dei var fulle i russetida (11).

Får russefeiringa negative konsekvensar?

Negative konsekvensar av russefeiringa er berre belyst direkte i nokre få studiar, og ingen av desse studiane gir godt grunnlag for å vurdere russefeiring som årsak til dårlegare skoleprestasjonar og dårlegare helse. To studiar peiker likevel i retning av at det kan vere slike samanhengar. Markussen og Gloppen (12) undersøkte eit stort utval av elevar som tok eit påbyggingsår i vidaregåande skole for å få studiekompetanse. Denne studien viste at det var ein litt mindre del som fullførte og bestod påbyggingsåret blant dei som var med på russebil eller russebuss (60%) samanlikna med dei som ikkje var med på russebil/-buss (68%). Det var òg ein litt mindre del som bestod påbyggingsåret blant dei med russeverv, samanlikna med andre elevar.

Ein studie av data frå Norsk Pasientregister for åra 2007-2011 (13) viste at mai er den månaden i året då det er høgast mengd sjukehusinnleggingar for skadar blant 19-åringar. Studien viste vidare at 19-åringar har fleire skadar enn litt yngre og litt eldre unge (høvesvis 16- og 21-åringar), og at det særleg er omfanget av hovudskadar som aukar blant 19-åringar under russetida.

Frå anna forsking på ungdom veit vi at høgt alkoholinntak og rusnivå påverkar blant anna dømmekraft, impulskontroll, koordineringsevne og reaksjonshastigheit (14), noko som igjen påverkar risiko for å utsetje seg sjølv og andre for skadar og problem, som til dømes fallulykker, vald og hærverk. Innlæringsevne og tenkeevne blir òg påverka av å drikke tett over ein periode (14), og kan følgeleg ha betydning for skoleprestasjonar.

Sosiologiske studiar av russefeiringa (8, 10) viser at russen tillét seg å bryte grenser og normer dei ikkje ville gjort elles. Døme som vert trekt fram er ulike seksuelle aktivitetar, mindre alvorlege lovbrot, drikking på dagtid og ordensforstyrringar. Dette er hendingar som normalt ville blitt sanksjonert, men som blir tolerert i ein avgrensa periode med russefeiring.

Referansar

1. Sande A. Den norske russefeiringen. Om meningen med rusmiddelbruk sett gjennom russefeiring som et ritual (The Norwegian intoxication party About the meaning of use of alcohol revealed through" russefeiring" as a ritual) Nordisk alkohol och narkotikatidskrift. 2000;17:5-6.

2. Lam T, Liang W, Chikritzhs T, Allsop S. Alcohol and other drug use at school leavers' celebrations. Journal of Public Health. 2014;36(3):408-16.

3. Hutton A, Cusack L, Zannettino L, Shaefer SJ, Verdonk N, Arbon P. What are school leavers’ priorities for festival preparation? Australian Journal of Primary Health. 2015;21(2):249-53.

4.  Room R. Drinking and coming of age in a cross-cultural perspective. In: Bonnie RJ, O'Connell ME, editors. Reducing underage drinking: a collective responsibility. Washington, DC: National Academic Press; 2003.

5.  Crawford LA, Novak KB. Alcohol abuse as a rite of passage: The effect of beliefs about alcohol and the college experience on undergraduates' drinking behaviors. Journal of Drug Education. 2006;36(3):193-212.

6. Galván JA. They Do What? A Cultural Encyclopedia of Extraordinary and Exotic Customs from around the World: A Cultural Encyclopedia of Extraordinary and Exotic Customs from around the World. Snata Barbara, CA: ABC-CLIO; 2014.

7. Demant J, Østergaard J. Partying as everyday life: Investigations of teenagers’ leisure life. Journal of Youth Studies. 2007;10(5):517-37.

8. Fjær EG, Pedersen W. Drinking and moral order: Drunken comportment revisited. Addiction Research & Theory. 2015;23(6):449-58.

9. Corsaro WA, Johannesen BO. Collective identity, intergenerational relations, and civic society: Transition rituals among Norwegian russ. Journal of Contemporary Ethnography. 2014;43(3):331-60.

10. Fjær EG, Pedersen W, Sandberg S. Party on wheels: mobile party spaces in the Norwegian high school graduation celebration. The British Journal of Sociology. 2016;67(2):328-47.

11. Forbundet mot Rusgift. Russen og rusgiftene 2008.

12. Markussen E, Gloppen SK. Påbygg–et gode eller en nødløsning? En studie av påbygging til generell studiekompetanse i Østfold, Akershus, Buskerud, Rogaland og Nord-Trøndelag skoleåret 2010-2011. Oslo: NIFU, 2012 827218804X.

13. Austdal LE, Strand MC, Vindenes V, Bogstrand ST. Forekomst av skader i russetiden Tidsskrift for Den Norske Legeforening. 2015;135(7):648-52.

14. Zeigler DW, Wang CC, Yoast RA, Dickinson BD, McCaffree MA, Robinowitz CB, et al. The neurocognitive effects of alcohol on adolescents and college students. Preventive Medicine. 2005;40(1):23-32.