Hopp til hovedinnhold
FHI logo
Bilde av en skala fra 1-5 som skal symbolisere evaluering. Bilde.
Colourbox

Senteret har fått god vurdering i ekstern NFR-evaluering

Nyhet

|

Publisert

Som ein del av EVALMEDHELSE 2023–2024, ein nasjonal fagfelleevaluering leia av Noregs forskingsråd, er Senter for evaluering av folkehelsetiltak ved Folkehelseinstituttet vurdert med svært gode resultat. Evna til å hente inn ekstern finansiering og ein prosjektportefølje med stor samfunnstyding vert mellom anna framheva som sterke sider.

Denne meldingen er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert

Ta meg til forsiden

Senteret blei etablert i 2018 som eit forskingsmiljø med mål om å styrkje kunnskapsgrunnlaget for offentlege helsetiltak. Med 14 forskarar frå ulike avdelingar, har senteret levert forsking med høg vitskapleg kvalitet og tydeleg samfunnsrelevans. Ekspertpanelet gav toppscore for organisering (5), og høge vurderingar for forskingskvalitet (4) og samfunnsbidrag (4/5).

– Me er veldig fornøgde med den gode evalueringa. Det er jo motiverande for den vidare satsinga på tiltaksforsking, og ikkje minst er det eit klapp på skuldra til dei dyktige forskarane som er knytt til senteret, seier senterleiar Arnfinn Helleve

Senteret har delteke i ei rekkje nasjonale og internasjonale prosjekt og publiserer jamleg i anerkjende vitskaplege tidsskrift. Det samarbeider tett med kommunar, helsemyndigheiter og forskingsmiljø – både nasjonalt og internasjonalt.

Panelet si tilråding omfattar mellom anna:

- Vurdere å utvide forskargruppa med meir finansiell støtte internt

- Vurdere å utvide aktiviteten med auka fokus på utvikling av evalueringsmetodikk

- Bli meir synleg i offentlegheita gjennom formidling i media, blogg eller podkast

- Gjere tydeleg korleis brukarar og interessentar blir involverte i heile forskingsprosessen

Evalueringa stadfestar at senteret er ein viktig nasjonal ressurs innan forsking og vurdering av folkehelsetiltak.

Evalueringa av Senter for evaluering av folkehelsetiltak

Publisert