Retting av feil i statistikk publisert juni 2025 – Hjerte- og karregisteret
Melding
|Publisert
Det er oppdaga feil i publiserte tal frå Hjerte- og karregisteret. Feilen har påverka tala både i årsrapporten for 2024 og i tala som var publisert i statistikkbanken i juni 2025. I hovudsak mangla det pasientar for utvalde diagnosar og prosedyrar, spesielt akutt hjarteinfarkt og behandling for det ved rapporteringa i juni. Feilen er retta i statistikkbanken 1. desember 2025.
I årsrapporten publisert i juni 2025 har vi berre sett på nye pasientar for diagnosar og enkelte prosedyregrupper. Tala for nye pasientar og dei prosedyregruppene som inngår i årsrapporten er mindre påverka av feilen. Det er ikkje utlevert data til forsking basert på feil datagrunnlag. Feilen gjeld berre statistikk publisert i juni 2025. Statistikk og rapportar publisert tidlegare år har vore riktige. Korrigert statistikk finst på FHI statistikk.
Korleis oppstod feilen?
Feilen skjedde ved overgang til ny dataplattform for Hjarte- og karregisteret. Statistikkbanken skal berre vise dei personane som er busette i Noreg. For å oppnå dette, blir alle individ som ikkje har norsk fødselsnummer filtrert bort. Dette er ein eigenskap som blir sett ved førstegongs innlesing av individ frå kjeldene Dødsårsaksregisteret (DÅR) og Norsk pasientregister (NPR). Derimot blei ikkje denne eigenskapen sett korrekt for dei individa som blei innlesne første gong frå dei tilknytte kvalitetsregistera i samband med dekningsgradsanalysar. Dette førte til at ein del pasientar som blei lesne inn i Hjerte- og karregisteret frå eit kvalitetsregister før data om dei blei henta frå NPR og DÅR, ikkje blei talt korrekt i statistikken. Feilen gjeld berre statistikk publisert i juni 2025. Statistikk og rapportar publisert tidlegare år har vore riktige. Korrigert statistikk finst på FHI statistikk.
Avvik i statistikkbanktabellane Total forekomst for utvalgte diagnoser, antall og rater i statistikk publisert juni 2025
Omtrent halvparten av pasientane med akutt hjarteinfarkt med kjelde frå sjukehus mangla for åra 2016-2019. For iskemisk hjartesjukdom, angina pectoris og hjartesvikt mangla 10-25 % av pasientane med kjelde frå sjukehus for åra 2016-2019. For dei andre diagnosane var det mindre avvik.
For 2020 mangla 31 % av pasientane med akutt hjarteinfarkt med kjelde frå sjukehus. For iskemisk hjartesjukdom, angina pectoris og hjartesvikt mangla 5-14 % av pasientane med kjelde frå sjukehus for 2020. For dei andre diagnosane var det mindre avvik.
For 2021-2023 var tala riktige for pasientar med kjelde frå sjukehus.
For 2024 mangla 12 % av pasientane med akutt hjarteinfarkt med kjelde frå sjukehus og 5 % med iskemisk hjartesjukdom med kjelde frå sjukehus. For dei andre diagnosane var det mindre avvik.
For 2016-2021 var avviket for pasientar som berre var registrert på dødsattest rundt 10 % for alle diagnosar. For 2022-2024 var det berre mindre avvik.
Avvik i statistikkbanktabellen Utvalgte prosedyrer, antall i statistikk publisert juni 2025
For 2016-2019 mangla 24-30 % av pasientane i prosedyregruppa perkutan koronar intervensjon. For koronar angiografi og koronar bypassoperasjon mangla 14-20 % av pasientane for åra 2016-2019.
For 2016-2017 mangla 9-13 % av pasientane med implantasjon eller bytte av ICD og perkutan implantasjon av aortaklaffprotese.
For dei andre prosedyregruppene var det avvik på 1-8 % for åra 2016-2019.
For 2020 mangla 16 % av pasientane i prosedyregruppa perkutan koronar intervensjon. For koronar angiografi og koronar bypassoperasjon mangla 10 % av pasientane for 2020. For dei andre prosedyregruppene var det avvik på 1-4 % for 2020.
For 2021-2023 var tala i tabellen riktige.
For 2024 mangla 9 % av pasientane i prosedyregruppa perkutan koronar intervensjon. For koronar angiografi og koronar bypassoperasjon mangla 6-7 % av pasientane for 2024. For dei andre prosedyregruppene var det under 2 % avvik for 2024.
Avvik i statistikkbanktabellane Nye pasienter for utvalgte diagnoser, antall og rater i statistikk publisert juni 2025
Fordi vi mangla pasientar i perioden 2016-2020, har vi oppgitt at for mange av pasientane var nye i åra 2021-2024.
For 2024 oppgav vi 7-13 % for mange nye pasientar med iskemisk hjartesjukdom og akutt hjarteinfarkt frå sjukehus. For sjukdommar i sirkulasjonssystemet, angina pectoris og hjartesvikt oppgav vi 3-4 % for mange nye pasientar frå sjukehus i 2024. For dei andre diagnosegruppene var det avvik på under 2 % for kjelde frå sjukehus.
For 2021-2023 var det berre små avvik (mindre enn 0,6 %) for nye pasientar frå sjukehus.
For 2021 oppgav vi 10 % for mange nye pasientar som berre var registrert på dødsattest med angina pectoris. For akutt hjarteinfarkt, atrieflimmer og atriefluttar, akutt hjerneslag, hjartesvikt og forbigåande cerebrale iskemiske anfall oppgav vi 3-6 % for mange nye pasientar som berre var registrert på dødsattest i 2021.
For 2022-2024 oppgav vi 2-4 % for mange nye pasientar som berre var registrert på dødsattest med hjartesvikt.
For 2024 oppgav vi 4-7 % for mange nye pasientar som berre var registrert på dødsattest med sjukdommar i sirkulasjonssystemet, iskemisk hjartesjukdom, akutt hjarteinfarkt og angina pectoris.
For dei andre åra og diagnosane var det under 3 % avvik for nye pasientar som berre var registrert på dødsattest.