NORM-rapporten i digital versjon

Melding

|

Publisert

FHI har laga ein digital versjon av NORM-rapporten som inneheld dei viktigaste figurane og tabellane i rapporten. Denne er utvikla for å gjere nøkkelinformasjon om antimikrobiellresistens (AMR) lettare tilgjengeleg og meir brukarvennleg.

Denne nettpublikasjonen er eit utdrag frå NORM/NORM-VET-rapporten med vekt på dei mest brukte dataa om AMR hos menneske. Den fullstendige NORM/NORM-VET-rapporten inneheld mykje meir detaljert informasjon, analysar og data.

Innhaldet i nettpublikasjonen omfattar data om humane kliniske isolat. Innhaldet er ordna alfabetisk etter dei om lag 35 bakterie- og sopparte som blir overvaka. For kvar mikrobe er det ei kort innleiing, figurar som viser utviklinga av resistens over tid, og tabellar med informasjon om sensitivitet for antimikrobielle middel.
Tabellar og figurar kan lastast ned i høg kvalitet og brukast direkte i presentasjonar. Du kan òg dele lenkjer til relevante kapittel.

Nettpublikasjonen blir oppdatert samtidig med den årlege NORM/NORM-VET-rapporten. Den første versjonen vart publisert i 2026, og inneheld NORM-data frå NORM/NORM-VET-rapporten 2025. 

 

Publisert