Mangel på vaksine mot rabies
Melding
|Publisert
Etterspurnaden etter rabiesvaksine har vore uvanleg høg i 2025. Leverandørane klarer difor ikkje å dekkje etterspurnaden. Ei større leveranse er venta i midten av april 2026, fram til då oppmodar FHI til at dei som treng vaksine den næraste tida blir prioriterte.
Førebyggjande vaksinasjon for dei som skal reise først til sommaren bør difor utsetjast til i mai. Vaksiner til dei som kan ha vore utsett for smitte (posteksponeringsprofylakse, PEP) er sikra og blir ikkje påverka av dette.
Sjå utfyllande informasjon nyheitsmelding frå Direktoratet for medisinske produkter (DMP).
Rabipur og Verorab er medisinsk likeverdige og kan nyttast om einannan.
Tilrådd vaksinasjonsregime ved preeksponeringsprofylakse til immunfriske er to dosar med minst sju dagars mellomrom, sjå avsnitt om dosering i vaksinasjonshåndboka.