Pågåande prosjekt om fysisk aktivitet og kosthald
Artikkel
|Sist endret
Livsstilsfaktorar som fysisk aktivitet og kosthald har vist seg å ha innverknad på fleire krefttypar. Kreftregisteret har fleire pågåande prosjekt som ser på samanhengen mellom fysisk form og aktivitet, kosthald og kreftfare.
Kosthald verkar inn på kreftfaren, spesielt i tjukk- og endetarmen. Eit sunt kosthald som kan bremse utviklinga av tarmkreft inneheld mykje fiberhaldige matvarer og mjølkeprodukt, og lite eller ikkje noko foredla kjøt, raudt kjøt og alkohol.
Både fysisk aktivitet og eit sunt kosthald førebyggjer overvekt, som er knytt til auka risiko for kreft i tjukk- og endetarm, bryst hos kvinner etter overgangsalderen, livmor, eggstokk, prostata, nyre, munn, svelg, gane, spiserør, mage, bukspyttkjertel og galleblære.
Sjølv om vi veit mykje om korleis fysisk aktivitet og kosthald påverkar kreftfaren, finst det mange område der vi treng meir forsking og kunnskap for å kunne gi betre og meir målretta rådgjeving:
- Fleire populasjonsbaserte studiar med gyldige målingar av fysisk aktivitetsnivå og kosthald over tid for meir kunnskap om korleis desse faktorane påverkar kreftfare og dødsfall.
- Studiar som kastar lys over korleis fysisk aktivitet og kosthald påverkar kreftprosessar og dei biologiske mekanismane.
- Studiar som kan avdekke innverkanden av livsstilsendringar og meir kunnskap om korleis ein kan påverke folket til å gjere positive endringar i aktivitetsvanar og kosthald (“kva verkar?”)
Pågåande prosjekt
Fysisk form og kreft
Sidan tidleg på 1990-talet har eit aukande tal av studiar undersøkt samanhengen mellom fysisk aktivitet og risiko for kreft, men finn generelt svake samanhengar.
Tarmbakteriar og livsstil ved tarmkreftscreening
Det er ein samanheng mellom tarmbakteriar og tarmkreftfare. Vi ynskjer å finne ein biomarkør basert på bakterieinnhald i avføringsprøver, og undersøke samanhengen mellom førebyggjande stadier av tarmkreft, livsstilsfaktorar og tarmbakteriar.
Livsstilsendringar og framtidig helse
Det er kjent at røykfritt liv, sunt kosthald og fysisk aktivitet kan førebyggje kreft og tidleg død. Ein veit mindre om det hjelper å endre livsstil i vaksen alder. I dette prosjektet undersøkjer vi om sunne livsstilsendringar kan gje fleire friske leveår.
Persontilpassa tarmscreening
Tarmscreening reduserer førekomst og døyelegheit av kreft, men mange får unødige undersøkjingar fordi dei ikkje har kreft eller forstadier til kreft. Dette prosjektet undersøkjer om informasjon om livsstil til deltakarar kan brukast for å effektivisere tarmscreeningprogrammet.
Verknad av vitamin D og fedme på blærekreft; risiko og fedme
Prosjektet undersøkjer om fedme og vitamin D-nivå har innverknad på risikoen for utvikling av blærekreft.
Vitamin D og kreftprognose
Ultrafiolette (UV) strålar frå sola er den viktigaste kjelda vår til vitamin D, og laboratoriestudiar har vist at vitamin D regulerer mekanismar som er sentrale i kreftutviklinga. Resultat frå observasjonsstudiar tyder òg på at eit tilstrekkeleg nivå av vitamin D kan betre overlevinga ved kreftsjukdom. Dette prosjektet undersøkjer samanhengar mellom vitamin D og kreftprognose, basert på serumprøver frå Janus serumbank og kreftdata frå Kreftregisteret.