Global helseberedskap – om programmet
Artikkel
|Sist endret
Global Health Preparedness Program (GHPP) syner og eksemplifiserer vår visjon om global bruk og innføring av International Health Regulations (2005) (IHR). Programmet hadde samarbeid med fire land; Ghana, Malawi, Moldova og Palestina, og med WHO. I lag med våre partnarar nådde GHPP mange viktige mål for å styrke helsetryggleiken i samarbeidslanda og på verdsbasis.
GHPP vart etablert i 2015 gjennom ein avtale mellom Folkehelseinstituttet (FHI) og Utanriksdepartementet (UD), og heldt fram saman med Norad frå 2016 til 2021. Målet med GHPP var å bidra til global innsats for å styrke innføringa av IHR (2005) i partnarlanda. Artikkel 44 i IHR oppmodar land om å samarbeide for å oppfylle IHR-krava, både med teknisk og økonomisk støtte.
I tråd med IHR hadde GHPP tre mål:
- Å støtte gjennomføringa av IHRs kjernekapasitet i utvalde partnarland.
- Å bidra til internasjonale initiativ som styrkar evna og prosedyrene til å hjelpe alle land med å innfri sine forpliktingar etter IHR.
- Å styrke den institusjonelle kapasiteten ved nasjonale folkehelseinstitutt (NPHI), både i partnarland og globalt.
Det organisatoriske rammeverket til GHPP var fagfelle-til-fagfelle-samarbeid mellom Noreg og utvalde låg- og mellominntektsland (LMIC); Ghana, Malawi, Moldova og Palestina, i tillegg til ulike samarbeid med globale institusjonar.
Erfaringane FHI har fått med GHPP er ikkje berre nyttige for Noreg og våre institusjonar (inkludert FHI, Norad, HOD og UD), men også for andre land og institusjonar som vurderar å gi liknande støtte. Å hjelpe land gjennom ein "twinning"-modell gir rom for diskusjonar på globalt nivå.
Oppnådde resultat
GHPP har skapt samarbeid mellom NIPH og de nasjonale motpartane i Ghana, Malawi, Moldova og Palestina, i tillegg til globale institusjonar. Dette har gitt betre forståing av landspesifikke forhold; utfordringar og moglegheiter; og sikra varige resultat. Tiltaka har spent frå utvikling og bruk av IHR-vurderingsverktøy, utvikling av ulike overvakingssystem og investering i tekniske og menneskelege ressursar.
GHPP har vore eit stort og omfattande prosjekt med mange ulike aktørar i partnarlanda og fleire globale organisasjonar.
For meir informasjon, sjå dei engelske sidene.