Folkehelseundersøkinga i Vestland 2026 er no avslutta
Undersøkelse
|Sist endret
Tusen takk til alle som har vore med i Folkehelseundersøkinga 2026 i Vestland. Du har gitt oss verdifull kunnskap om helse, trivsel og levevanar i fylket. Denne kunnskapen hjelper oss å forbetre folkehelsearbeidet og helsetenestene i regionen. Undersøkinga vart gjennomført ved at 222 000 tilfeldig utvalde personar over 18 år fekk invitasjon. Vi set stor pris på innsatsen frå alle som deltok.
Kva skjer vidare?
- Trekking av vinnarar: Vi trekker 10 vinnarar av gåvekort på 1 000 kroner. Gåvekorta blir sende direkte til vinnarane.
- Analyse av data: No startar arbeidet med å kvalitetssikre og analysere svara frå undersøkinga. Vi bruker data til forsking og til å leggje grunnlaget for effektive folkehelsetiltak i fylket.
- Rapportering: Resultata blir presenterte i ein eigen rapport for Vestland. Rapporten blir publisert på fhi.no og vil vera tilgjengeleg for alle?/allmenheten, kommunar, fylkeskommunen og andre aktørar som jobbar med folkehelse. Rapporten vil òg gjere det mogleg å samanlikne fylkesdata/resultat med nasjonale trendar
- Bruk av kunnskapen: Den innsamla informasjonen frå undersøkinga skal bidra til betre planlegging og tiltak for å fremja helse og livskvalitet i regionen. Denne innsikta er verdifull, då den gir eit høve til å oppdaga endringar tidleg og rettleia folkehelseprioriteringane Resultata skal bidra til betre planlegging og meir treffsikre tiltak for å fremje helse og livskvalitet i regionen. Dei gir oss høve til å oppdage endringar tidleg og setje riktige prioriteringar.
Vi oppmodar deg til å følgje med på nettsidene våre for oppdateringar og tilgang til rapporten når han blir publisert.
Lurer du på noko?
Har du spørsmål om undersøkinga eller deltakinga di, kan du sende e‑post til
- Send e-post til: fhus-deltaker@fhi.no
Vi vil gjerne høyre frå deg. Av omsyn til personvernet ber vi deg om å ikkje sende opplysningar om eigen eller andre sin helsetilstand, diagnosar eller andre fortrulege forhold på e‑post.