Folkehelseundersøkinga i Vestland 2026
Artikkel
|Publisert
Denne våren gjennomfører Vestland fylkeskommune og FHI ei undersøking i fylket. Undersøkinga kartlegg helse, trivsel og livskvalitet blant innbyggarane. Rundt 220 000 tilfeldig utvalde personar får invitasjon til å delta. Dersom du er blant dei som er trekte ut, får du ein invitasjon frå FHI på Helsenorge.
Har du fått eit varsel frå Helsenorge?
Då er du tilfeldig utvald til å delta i Folkehelseundersøkinga i Vestland 2026. Målet med undersøkinga er å lære meir om helse, livskvalitet og nærmiljø blant dei som bur i Vestland. Folks eigne erfaringar og opplevingar er viktige å ha med når fylkeskommunen og kommunane skal forme ut tiltak og tenester for å gjere Vestland til ein endå betre stad å bu og leve, for alle.
Kva inneber deltaking
- Dersom du har fått invitasjon på Helsenorge kan du svare på spørjeskjemaet.
- Undersøkinga kan fyllast ut på mobil, nettbrett eller PC.
- Skjemaet er tilgjengeleg på både nynorsk, bokmål, engelsk, polsk og ukrainsk.
- Det tek omtrent 15–20 minutt å fylle ut heile skjemaet.
- Deltaking er frivillig, og du bestemmer sjølv kva spørsmål du vil svare på.
- Alle som fullfører spørjeskjemaet er med i trekkinga av 10 gåvekort á 1000 kr.
- Om du ikkje ønsker å delta, kan du takke nei i skjemaet på Helsenorge.
Kort informasjonsfilm om undersøkinga
Om undersøkinga
Undersøkinga blir gjennomført i tidsrommet 15.–28. april i samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og FHI. Dei som er inviterte til å delta, er tilfeldig utvalt frå Folkeregisteret blant innbyggarar over 18 år i Vestland.
I undersøkinga spør vi om helse, trivsel, nærmiljø og livskvalitet, og andre forhold som er viktige for folkehelsa i fylket. Resultata vil bli brukte til å støtte folkehelsearbeidet der du bur.
Resultata blir berre publiserte på gruppenivå, som betyr at du ikkje kan kjennast igjen i analysar eller rapportar. Dei innsamla dataa vil også bli brukte til forsking som kan gi ny kunnskap om helse og trivsel og faktorar som påverkar dette. Alle svar blir lagra sikkert og i samsvar med personvernreglar.
For meir informasjon om personvern og deltakarrettane dine, sjå Dine deltakerrettigheter i Folkehelseundersøkelsen i fylkene
Her finn du informasjons- og samtykkeskriv (berre for visning):
kommer
Vinn gåvekort
Alle som fullfører spørjeskjemaet er med i trekkinga av eit universalgåvekort på 1000 kr. Vi trekker 10 vinnarar. Vinnarane blir kontakta direkte omtrent ein månad etter undersøkinga blir avslutta.
Er du invitert og har spørsmål?
På sida finn du svar på ei rekkje ofte stilte spørsmål til undersøkinga.
Om du har andre spørsmål om undersøkinga eller om deltakinga di, kan du kontakte oss på følgjande måtar:
- Send e-post til: fhus-deltaker@fhi.no
- Vestland fylkeskommune kan òg svare på generelle førespurnader på e-post fhus@vlfk.no eller telefon 90 14 53 55 (i perioden 16. april – 6. mai 2026, måndag–fredag kl. 09.00–15.00).
Vi ber om at sensitive eller fortrulege opplysningar ikkje blir sendt per e-post.
Du kan lese meir om undersøkinga på nettsida i fylket: