Truleg berre ein liten andel av befolkninga som har vore smitta av koronavirus (arkivert)
Nyhet
|Publisert
Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Blodprøver frå nesten 400 personar i Oslo-området viser at færre enn 2 av 100 har antistoff mot koronavirus. Dette tyder på at det berre er ein liten del av befolkninga som har vore smitta med koronavirus.
Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsidenDet er stor uvisse om kor mange som har vore smitta av koronaviruset i Noreg. Antistoffundersøkingar kan gi informasjon om dette, fordi antistoff er teikn på gjennomgått infeksjon, i motsetning til ein PCR-test (sjå nederst i artikkelen). Så langt tyder data på at dei aller fleste som gjennomgår koronavirusinfeksjon (covid-19), dannar antistoff mot dette viruset.
Førre veke vart det tatt blodprøve av 397 deltakarar i Den norske mor, far og barn-undersøkinga (MoBa) for å undersøke om dei hadde antistoff mot koronavirus (SARS-CoV-2).
- Foreløpige utrekningar viser at andelen med påviste antistoff er under 2 prosent.
– Resultata viser at det er svært få som hittil har hatt infeksjonen, seier prosjektleiar Per Magnus, Folkehelseinstituttet.
Deltakarar frå Oslo-området
Tilfeldige personar frå MoBa vart inviterte til denne antistoffundersøkinga, uavhengig om dei hadde vore smitta, eller om dei hadde symptom frå luftvegane. Alle som er testa så langt, bur i Oslo, som er fylket med flest melde tilfelle per 100 000.
Analysane av antistoff er gjort med ein test utvikla av to forskingsgrupper under leiing av Fridtjof Lund-Johansen og Jan Terje Andersen på avdeling for Immunologi og transfusjonsmedisin ved Oslo universitetssjukehus (OUS). Dei har undersøkt antistoffresponsar mot ulike virusprotein og samanlikna metoden med kommersielle testar som er under utprøving ved avdeling for mikrobiologi ved OUS, og alle testane peikar i same retning.
Kva betyr desse resultata?
– Dei fortel at den norske befolkninga i liten grad viser teikn på gjennomgått infeksjon. Befolkninga er derfor sårbar for nye utbrot av covid-19, seier Magnus.
I vekene framover vil Folkehelseinstituttet halde fram med å teste personar gjennom ulike befolkningsundersøkingar. Dette vil gi sikrare resultat når det gjeld antistoff. Undersøkingane blir gjennomførde i samarbeid med Oslo universitetssjukehus.
Også andre tal tyder på at det i den norske befolkninga er ein låg andel som er eller har vore smitta. Om lag 185 000 personar er testa for koronavirus med PCR-test (sjå nedanfor). I hovudsak er det personar som er sjuke, eller som har luftvegssymptom, som er testa. Om lag 8000 hadde positiv prøve, det vil seie vel 4 prosent av dei testa.
Testar for koronavirus
Det er to typar testar for koronavirus:
- Virustesten (PCR-test) blir tatt med ein vattpinne i nasen eller svelget og viser om personen har virus i kroppen, eller nyleg har hatt det. Testen viser om det finst arvestoff frå viruset i slimhinnene. Slike testar blir tilbode til dei som har symptom og enkelte andre grupper.
- Antistofftestar er ein blodprøve og viser om personen har utvikla antistoff mot viruset. Antistoffproduksjonen kjem først i gang etter nokre dagar. Ein trur at antistofftestar av tilfeldig utvalde personar i befolkninga vil gi informasjon om kor mange som har vore utsette for smitte med koronavirus. Tilbod om antistofftest blir i dag berre gitt til bestemte utval av befolkningen, men tilbodet vil bli utvida etter kvart som testkapasiteten blir utvida.
Les meir:
- Testkriterier - om virustesting
- Serologi og hurtigtester - om utvikling av antistofftester